mandag 1. desember 2008

Ny veke :)

Då har det blitt nåkre dagar sidan eg blogga sist....eg som skulle verte så flink og skrive nåkre ord kvar dag :)
Det er kveld og endeleg tid for litt "vaksentid". Patrik reiste offshore igjen i dag, så eg har vaksentid åleine...godt det også :) Desse 14 dagane Patrik er ute, brukar eigentleg gå ganske fort...håpar dei gjer det denne gongen også! Men denne gongen trur eg det blir litt meir hektisk på heimefronten....Eg har ikkje begynt å handle julegaver endå, eller tenkt på hverken julevask eller julebakst...så eg har eit par utfordringar framom meg! Men jul skal det nok bli likavel, eg kjem nok i mål eg også :)
I dag har eg vore heime med Matheo, han har feber og er ikkje i form.. Mest sannsynleg kjem det vel av vaksina han fekk forrige veke. Helsesystra sa han nok kom til å få feber etter ei vekes tid. Så i dag har han berre vore i "sitte på fanget til mamma"- humør! Sjølvsagt måtte han bli sjuk når papsen ikkje er heime....då har ikkje mamsen anna valg enn å svikte kollegaene sine på jobben og bli heime...

Her er minsteprinsen vår...Ikkje heilt i slag, og heller ikkje særleg lysten på å smile til fotografen.....Lille skatten vår....
Vi satsar på at dette blir kortvarig og at vi er klare for jobb og barnehage i morgon! Ein stikkpille brukar å gjere susen til natta...
Men det skal jo seiast at sjølv om minsten har vore elendig i dag, så er han jo likavel forunderleg blid og god!

Vafler til kvelds......


....før tannpuss...Og det skal sjølvsagt gjerast åleine, og helst med mamma sin tannkost :) (mamma kvalitetssikrar sjølvsagt etterpå )


Storebror måtte også posere litt :)

Storebror er inne i ei litt "sær" periode no for tida....Han har nåkre utrulege humørsvingingar, og kan by på store utfordringar dagleg! Alt skal diskuterast, og heile tida skal det meglast....Veit at dette er heilt normalt, og at dette er noko som følgjer alderen....Men av og til blir eg sittande å lure på om dette verkeleg er normalt....Det er til tider mykje sinne og trass som bur i denne vesle skrotten :) Vi må nok innrømme at han også er ein smule bortskjemd...og det og trass er ingen god kombinasjon! Eg og Patrik har bestemt oss for å "stramme inn" litt no framover....vise poden kven som verkeleg er sjefen her i huset :)
Heldigvis ser vi mest av den snille og gode William`en vår, men desse "utbrudda" kjem hyppigare enn vi ønskjer...
Men det skal seiast at det er enormt mykje godheit som bur i denne guten! William var 2 1/2 år når Matheo vart født, og vi var veldig spent på hans reaksjon til veslebroren...Per dags dato har vi ikkje opplevd ein einaste negativ reaksjon frå storebror! Det er ganske overveldande kor flink han er, og heile tida har vore, med veslebroren sin. Han har vore omtenksom og beskyttande frå første dag, og det er ikkje vanskeleg og sjå at denne 4- åringen er frykteleg glad i veslebroren sin :) Og sånt gjer ei mor stolt!! Kven kunne drøymt om å få to sånne hærlege gutar, friske og gode!
Nei, no er det nok skryt........ :)

I morgon skal eg leggje ut litt bileter frå dei siste vekene! Har kjøpt meg ny kortlesar, så no skal det bli orden i sakene!
Då er det kveld i Lerkevegen 6....Blir nok litt TV- sjåing i senga før søvnen tek meg, men......
Ønskjer alle ei god natt!!!!!

3 kommentarer:

Lill sa...

Håper lisjegut blir fort bra. Og du.... storebror med humørsvingningar er ganske normalt, kjem med alderen veit du:)) Nyt veka i Lerkevegen, misunne dokke som bur der... det er et supert nabolag rundt dokke:))
Smil imorgenstund frå Lill

Anonym sa...

Testing ;)

Anonym sa...

Jeeeeeahhh! Hei vennen! Endelig kan eg og legge igjen en kommentar til deg ;) Kjekt at du ha anskaffa deg blogg, det lika vi!! Gleda meg MASSE til å treffe deg på søndag - om det fortsatt passa??? No e det natta her i huset :) KOS deg med huse for deg sjølv, vips so e P. heime igjen :):);) Ciao