onsdag 26. november 2008

Døgnet skulle hatt fleire timar....

Det kjenner i hvert fall eg :) Synast dagane flyg sørgeleg fort....rekk ikkje over halvparten av det eg har planlagt å gjere! Mest av alt har eg dårleg samvit for venane mine, som eg har vore særs dårleg å besøkje!! Det skal kome "betre tider", det lovar eg!!! Men dokke veit jo kvar eg bur også da...hint hint....

Og stakkars William....han må vere ganske lei av å høyre mamma seie "berre vent litt", i omlag alle samanhenger....Storeguten min, mamma skal bli mykje flinkare til å sette seg ned med deg og bruke tid på deg....I dag, før barnehagen, så sette eg og William oss ned og bygde ein Bionicle-lego-figur...vi kom 25 min "for seint" til barnehagen, men det gjorde ingen verdens ting, for William storkosa seg når mamma hadde litt kvalitetstid å spandere :) Det slo meg kor lite som eigentleg skal til for å glede ein liten tass, og eg lovde meg sjølv der og då, at framover skal vi ha mange sånne stunder!!
No er det sjølvsagt ikkje slik at vi ikkje har tid her i huset...Men eg har kome dit at eg skal prøve å ikkje bry meg så mykje om korleis det ser ut rundt meg til kvar ei tid, husvask og annen vask kan takast når ungane har lagt seg :) Eg trivs absolutt ikkje i rot og kaos, men litt mindre fokus rundt dette hadde nok ikkje skada... :)

Og eg som skulle bli så fantastisk flink å blogge....ja ja, det skal kome betre tider på denne fronten også :) Så kjedeleg no når kortlesaren min ikkje verkar, då får eg ikkje lagt inn nye bileter! I morga køyrer eg til Elkjøp og kjøper ein ny...veit at svenskane er innom kvar dag i håp om å sjå nye bileter av prinsane sine!! Og ikkje er eg nokon dyktig skribent heller....

Ja, det var litt alvorsord til meg sjølv!! No skal eg snart finne senga...Har fri i morgon, men skal bruke dagen til å hjelpe mamma! Ho skal flytte inn i leiligheita si førstkomande søndag, så no vert det dugnad i dagane framover...Snart ferdig oppussa, og det vert sååååå fint!!

Ynskjer alle ei god og fredfull natt!!

1 kommentar:

Lill sa...

Hei.
Ville berre seie at omnen virka supert:)) Passa perfekt og eg er kjempenøgd:))
Smil frp Lill