lørdag 14. mars 2009

Det er hærleg å leve på sånna dagar!!


For ein fantastisk flott dag vi har hatt i dag!! Sola har stråla frå skyfri himmel, og eg har faktisk brent meg litt i andletet...småkokar litt i kinna, men fargen er kledeleg :)

Vi har vore utandørs sidan vi gjor oss ferdig med frukosten, og det har gjort sååå godt! Vi har leika med rampen i gata, og grilla i skauen. Nokre hundre meter frå huset vårt, eit lite stykke opp i skogen, ligg ein vakker liten plass. Lokale heltar har sikkert eit navn på denne plassen, men det har ikkje kome meg for øyre enno. Vi kallar det berre Storebakken :) Her har vi leika oss med det som naturen måtte by på, og verkeleg kosa oss! Middagen tok vi i skogen, grillpølser med brød, nam nam :) 18.30 luska vi oss innatt, fornøgde og mette på frisk luft for denne dagen :)

Ein heil dag utandørs set mange spor på to små karar, så ein tur i badekaret var absolutt å forlange :) Etter kvelds var det ein liten pit-stop i sakkosekken for lørdagsnammis og Cartoon Network.......så var dagen over for desse to små...Og eg skal love dokke at det ikkje tok mange sekunda frå hovuda landa på puta til skattane sov, totalt utslitne etter ein innhaldsrik og kjempeflott dag..Eg let bileta tale for seg :)

Sandkassa blir flittig brukt. Det har blitt reist mange byggverk i denne bingen :)

Påfyll av væske, Solbærsaft, -søt og god :)

Det var ikkje akkurat lett å kome fram med vogn...men trur Jonas syntes det var behageleg med ulendt terreng, han sovna halvvegs på skogsstien :)

Det er også anledning til å rote litt med vatn på denne vakre plassen!

Ikkje akkurat fotogen....men, la gå!!

To av mine uerstattelege, søs og Emil-gull :)

Sjå mamma, sjå kor høgt eg har klatra!! Klatrebamsen vår :)

William strålar om kapp med sola!!!

Nybada og skjønne, med sukker i skåla :)

Då håpar vi at morgondagen vert av samme slaget! Eg skal snart krype til køys...sjå ein film i senga kanskje....

Vil berre til slutt helse så masse til farmor og farfar i Sverige, veit dokke er innom her og kikar :) Vi gler oss såååå mykje til dokke kjem i mai!!! Elskar dokke!!!

Også vil vi sjølvsagt helse til pappa ut på det store blå! Vi saknar deg, og elskar deg.... ;)

Nattinatt frå oss i nr 6.........

fredag 13. mars 2009

Endeleg fredag :)

Då er det jaggu helg igjen! Å denne gongen ynskte eg den verkeleg velkomen....Det er særs hektiske dagar på jobben for tida, og eg kjenner at det tek litt på når arbeidsveka går mot slutten....Å då er det jammen godt å vite at denne helga skal nyttast til kos og kvalitetstid saman med gutane mine!! Vi har ingen planar, men skal nok klare å fylle dagane med eitkvart :)

Patrik er offshore, reiste ut att onsdag morgen...så no er det to veker utan pappa i huset. To veker går heldigvis raskt....Men skal eg vere heilt ærleg, så synast eg faktisk det er heilt greit desse første dagane etter Patrik har reist....godt å ha litt tid for seg "sjølv", synast eg....Kanskje dokke synast eg er sær som kjenner det slik....?? Men då må det jo også seiast at når det nærmar seg heimkomst for Patrik`en vår, då er saknet sterkt hos oss alle 3 her heime! Ein veit kva ein har når ein ikkje har det innan rekkevidde til ei kvar tid.....Eg trur det er sunt å sakne frå tid til annan :)


Hadde håpt at denne helga skulle by på mykje sol og vårkjensler...men det ser heller dårleg ut i følgje vermeldingane...Det ser ut som vi lyt leve på dei flotte dagane vi fekk forrige veke og tidleg i denne veka....ja, ein må jo ikkje verte for storforlangande heller, vi bur jo tross alt på Sunnmøre :) Men det har vore hærleg å opphalde seg utandørs desse flotte vårdagane!!!





"Å reie", det er noko av det kjekkaste som finst, synast Matheo!


William har blitt kjempeflink å lage fart sjølv :)


Sånne skue vil vi ha meir av!!!



Middagen smakar godt ute!!

Storegutane våra....sukk, tida går fort.......
Jonas, lisje vennen vår :)
Leon likar ikkje snø og plask på potane, så denne årstida passar han godt!
Sebastian, ein hærleg skapning!!

Det merkast godt at våren no er på vei....Det er endeleg fullt liv i gata igjen, "Lyckliga Gatan" som vi sjølve likar å omtale den :) Vi er så heldige å bu i ei gate full av fantastiske naboar, og ikkje minst full av hærlege ungar!! Vi tel 21 ungar frå 0-12 år, og i tillegg har vi også ein gjeng med tenåringar å bryne oss på :) Eg vil absolutt tør å påstå (som Kjellen sjølv ville ha sagt det) at vi har mykje kjekt i lag!! Så snart snøen er smelta å gradene byrjar krype oppover på målaren, så er vi som bur her meir utandørs enn vi er innandørs! I tillegg til at ungane har det svært kjekt i lag, er vi som foreldre også så heldige at vi har ein svært god kjemi...sånn kjenner i vert fall eg det! Det er mogleg at nokon ikkje har same oppfatninga, men eg vel å ikkje tru det :)
Patrik har lenge snakka om at han har lyst å bygge hus, og det skal vi nok gjere ein gong....men her og no så er vi einige i ein ting; vi flyttar ikkje frå denne gata så lenge gutane er små!!! Så kjære naboar, dokke lyt nok halde ut med oss nåkre år til :)
Torsdag hadde Matheo ein liten overraskelse til meg når eg kom å henta han i barnehagen....Han hadde vore med på forming og mala eit nydeleg lite glas til å ha telys i....og i tillegg hadde han valt fargen lilla , min yndlingsfarge for tida!! Eg vart så glad, og ikkje minst rørt.....Lisje Knerten min på 19 mnd hadde mala noko så fint, sånt røyrer noko ved eit mors hjarte....Dette vesle lyset skal få skine kvar kveld framover :)
Med dette fine lyset vil eg ønskje dokke alle ei fantastisk fin helg!! Ta vare på kvarandre, og nyt tilværelsen......Klemklem

søndag 1. mars 2009

Hellu i luken!

Ja, då var det jammen ei stund sia sist! Men eg er her :)
Dagane går som dei brukar, altfor fort! Tenkjer kvar kveld at no må eg sette meg ned å blogge litt....Men nei, det kjem alltid eitkvart anna i vegen...så eg utset det til neste kveld...men når denne neste kvelden kjem...ja, dokke veit, det har ikkje akkurat hagla med innlegg her siste tida :)



Det er søndag kveld, gutane sovna på eit blunk, heimen er rydda og eg og Patrik har akkurat inntatt ein nyydeleg søndagsmiddag :) Eg har ein mann som er særs flink på kjøkenet, han kan diske opp dei deiligaste rettar av det som måtte finnast i kjøleskap og frysar. Denne karen røyrer ikkje Grandiosa og liknande....papp-mat kallar han det, og det er i følgje han uspiseleg....Eg derimot, eg kan godt nyte ein Grandiosa til middag :)


Denne helga har vore ei av desse rolege, koselege helgene...Fredagskvelden var vi i barselgruppa på vinkveld hos Liv, ein nabo av meg. Ho hadde diska opp med deileg mat, kyllingsalat og baguettar, brownies-kake og is og sjøvsagt mykje snacks som høyrer god drikke til :) 12 kaklande høner i godt humør, ein herleg gjeng! Godt med sånne kveldar innimellom, og endå betre er det at dette er fast ein kveld i månaden :)

I ein hektisk kvardag er kveldar med gode venninnder noko ein set ekstra pris på. Klubbkveldane våre fell i denne kategorien, og er noko eg sjeldan eller aldri går glipp av! Denne månaden var det min tur til å diske opp med noko godt og invitere til lystig og ekte skravling :)







Ingen av oss var eigentleg særleg fotogene denne kvelden, fann vi ut...Men eg legg bileta ut for allmenheita likavel :)




Laurdagen forsvann i eit "shvupp", vi stulla i heimen og prøvde å nyte litt frisk luft utendørs...Men om sant skal seiast, så er vi ganske einige om ein ting i denne familien: VI VIL HA VÅR!!!!

Matheo bryr seg ikkje stort om veret, men William er ikkje særleg glad i å vere ute i slaps og grisever, og eg kan forsåvidt forstå han! Men når det går mot litt varmare og lysare årstider, så er det mest ikkje mogleg å halde han innendørs. Så vi gler oss til varmare dagar, tøya vegar og grøne markar! For all del, det er kjekt med snø, men som vi alle som bur på Sunnmøre veit, så får ikkje gleda over snøen leve lenge...dessverre! Vi veit aldri kva neste dag bringjer, men ofte bringjer den regn :)


I dag starta dagen klokka 9. Vi er heldige som får sove såpass lenge på morgonen, set stor pris på det!! Gutane er veldig flinke å sove på nettene, så det får vi berre nyte medan det varer :) Matheo søv i eiga seng, medan William kjem tassande inn til oss i løpet av natta....kvar einaste natt...men det synast eg er berre koseleg :)

Kvar søndag er det familiebadig, og denne søndagen var ikkje noko unntak. Eg og gutane tok turen i dag, medan husbonden var heime å grubla litt over monteringa av den nyinnkjøpte varmepumpa....trur han kom fram til at han leiger fagfolk til å ta seg av den oppgåva :) Sikkert lurt med tanke på framtidig garanti og forsikring......

Ellers har vi vore hos Kristin & co på nybakte bollar, og hatt ettermiddagsbesøk av Silje og Johan og ungane. Ein koseleg søndag med andre ord :)


No er eg forsåvidt klar for ei ny arbeidsveke igjen. Nav er i hardt veir for tida, men det er fullt forståeleg! Vi som jobbar i Nav er audmjuke og har stor forståelse for folks fortvilelse!! Men vi står på hovudet heile arbeidsdagen, for i hvert fall å prøve å gjere kvardagen ein smule lettare for dei som er råka.... Nav-reforma er ikkje heilt "oppe og går" endå, og det vil nok heilt sikkert ta tid før det skjer, dessverre.....

Denne veka har eg berre ein fridag....men det er heilt greit :) Husbonden skal vere heime til 9. mars, så eg er godt hjulpen!



Ønskjer dokke alle saman ei kjempeflott veke!! Klemklem

onsdag 11. februar 2009

Desse gode kvardagane :)

Det er onsdag og eg har ankra bakenden godt i sofaen! Gutane sovna på eit lite knips i kveld, slitne etter ein lang og kjekk dag :) Vi har hatt fridagen vår i dag, ein deilig dag både for stor og liten!! Håper verkeleg eg får fortsette å ha denne fridagen så lenge gutane er små....eller helst lenger også for den del :) Gutane har tatt del i litt husarbeid (på si egen måte), ellers har vi brukt dagen stort sett berre til leik og moro! Det berre sååå godt med sånne dagar :)



No sit eg i sofaen, omringa av stearinlys (avhengig) og ventar på at min kjære skal kome heim! Desse siste 14 dagane har som vanleg gått frykteleg fort, men det vert godt å få han heim no! Ikkje minst gler eg meg til eg får anledning å gå meg kveldsturar...det har eg ikkje hatt anledning til på ei stund no....Har stort sett vore åleine med gutane siste månaden, sett bort frå 4 dagar.....Vanlegvis er Patrik heime 3-4 veker, men denne gongen tok han på seg ein ekstratur. No vert han heime 12 dagar før neste utreise, og desse 12 dagane skal vi bruke godt!!! Bortsett frå litt finpussing på kjøkenet og nytt tak på badet (det skulle vore oppe for 14 månadar sidan), så skal han få "fri" frå sånne prosjekt :)




Når Patrik er "ute" startar arbeidsdagen hans kl 07, og sluttar vanlegvis ikkje før kl 23, 7 dagar i veka...så han er forståeleg nok ganske trøytt når han kjem heim, treng nokre dagar å kvile seg ut på....Men eg let han ikkje gløyme at det faktisk er ein 24-timars jobb å gå her heime åleine også! Eg er heldig som ikkje jobbar meir enn 70 %, men det er jo ikkje akkurat avslapping som ventar ein når ein kjem heim frå arbeid....Då er det to små som skal underhaldast, eller berre haldast :) Etterfulgt av middagslaging, rydding, vasking, klesvask, kveldsmat, kveldsbad og stell, og så natta....Ellers er eg også ekspert på å skaffe meg sjølv ekstraarbeid! Eit eller anna må til stadigheit ommøblerast og flyttast rundt på, skap må ryddast og sorterast...ja, sånn er eg :) Men eg hadde ikkje villa bytta vekk kvardagen min for alt i verda!!!!! Og det er godt å tenkje på synast eg....



I går var det 10. februar......på dagen 2 år sidan min kjære og gode pappa vart reven vekk frå oss. 10 februar 2007...eg hugsar det som det var i går!
Kvelden var komen, og vi hadde ikkje høyrt frå pappa sidan tidleg morgon....ikkje tok han tlf når vi ringde heller....Vi kjende på oss at eitt eller anna ikkje var som det skulle...Snakka litt fram og tilbake, og vart einige i å stikke nedom han ein tur...berre sjekke at han var ok. Patrik og mamma tok turen ned....og eg er frykteleg takksam den dag i dag at eg valde å bli heime....noko inni meg sa at eg ikkje burde vere den som tok turen ned. Det var dessverre gått som vi hadde frykta lenge.... livet var ikkje til å redde, og pappa vart erklært død kl 21 den kvelden, 51 år.....Gode, gode pappaen vår, om du berre visste kor mykje vi saknar deg!




2 år går fort.....så altfor fort! Desse 2 siste åra har gitt meg mange tankar... gjort meg meir reflektert, både over kven eg er og kva "misjon" eg eigentleg har her på jorda...Eg har lært meg å nyte dei "små augeblikka" alle snakkar om, og tek ikkje lenger ting, tid og menneskjer for gitt..
Det er mykje hard lærdom langs livets landeveg! Mykje av det styrkjer oss som menneskje......

No skal eg avslutte, og sjå om eg får fiksa noko mat til min kjære. Ein ny fridag ventar meg i morgon:) Carpe Diem!

Ha ein fortsatt fin kveld alle saman!!!! Klem

lørdag 7. februar 2009

Puuuh....

Då er endeleg timen for vaksentid komen! Gutane søv sin søtaste søvn, og eg nyt stillheita :) Det har gått i eitt heile dagen...men det gjer det stort sett kvar dag :) Vi har hatt ein fin dag, alle tre. Er så godt med desse helgedagane...det er ikkje noko stress med å kome seg ut av senga...ser litt Barne Tv og nyt varmen under dyna. Men "idyllen" varer ikkje altfor lenge då....Matheo er som regel i full vigør etter ei lita stund :) Men vi er heldige som har ungar som likar å ligge litt frampå! Det er sjeldan vi er oppe før halv ni når vi har fridagar, og det er jo berre kjempeluksus!! Vi har ikkje lov å klage!

Det har vore ein fantastisk fin dag i dag, kaldt og klart!! Det som ikkje er like fint, det er sola sine mange avsløringar......Plutseleg ser ein at ein har grueleg skitne vindauger, og støvet dansar i alle rom....Så då var det berre å sette i gong, vaske vindauger, henge ut tepper og vaske vekk dei verste avsløringane! Ikkje akkurat det eg var tenkt å bruke denne laurdagen på, men denne gongen var det faktisk nødvendig....Eg venta til Matheo skulle ha kvilen sin, og vart akkurat ferdig til han slo opp augene :) Sånn er det her i huset....det meste må planleggjast og gjerast i rette augeblikk! Vaske badet, det gjer eg som regel når gutane sit i badekaret...to fluger i eitt smekk :)

Skulle nok helst ha vore på fjellet i sånt eit fint ver, men det vart ikkje denne dagen heller.....Men vi smurte lunsj, baguettar med skinke og ost, kledde oss godt og tok oss eit par timar ute. Det er jo ei kjennsgjerning at maten smakar betre i frisk luft...og jammen var det godt :)



Sånne dagar lyt ein berre nyyyyte!!!!


Matheo er på det stadiet no at han skal kopiere storebror i alt han gjer...Dette fell ikkje alltid i god jord, og det er mykje "høge lydar" i løpet av ein dag! Dei er nok like sin pappa begge to, viljesterke og temperamentsfulle :)
William sitt siste "rituale" er at han må "lage sveis" før han legg seg....og dette må jo då sjølvsagt kopierast det også. Det storebror gjer, det skal også veslemann gjere...No har ikkje Matheo all verda med hår, men litt er der jo :)


Sånn, no er eg klar for skjønnheitssøvnen min :)


Det er eg også! Det meste av vatnet havnar naturleg nok i ansiktet....

I morgon er det alle mødres dag! Då husbonden ikkje er heime, har eg vore og kjøpt meg sjølv ein liten bukett med tulipanar....Vel, det må vel nemnast at eg hadde nok vorte overraska om Patrik kom heim med blomar, ha ha, men...ein lyt verdsette seg sjølv då :) Patrik er flink til så mykje anna, gode kjærasten min!


Darlingen min :)

Gler meg over alle dei mødrer som får ligge litt ekstra frampå i morgon tidleg, og som får nyte godt av litt ekstra oppmerksomheit...dokke fortjenar det alle som ein!!!!
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!!! Klem

fredag 6. februar 2009

Ymse vimse :)

Då er det fredag, igjen!! Tida flyg i desse dagar, føler vekene stort sett består berre av mandagar og fredagar.

Har vore særs lite blogging siste tida...siste veka har eg hatt fullt opp.
Er jo ei stund sidan vi byrja å pusse opp kjøkkenet vårt...det har tatt si tid, sidan Patrik er såpass mykje vekke på jobb. Synast det har gått i tregaste laget eg då, så her ein kveld bestemte eg meg for at no, ja no skal eg søren meg fikse det siste sjølv! Tok meg ein tur til Olav Myklebust og bestemte meg for flis, og kjøpte div tilbehør. Valet fall ganske raskt på ei flis som heiter Argento, lysegrå 10*60 cm. Steinhard flis, så litt vanskeleg å jobbe med, men fantastisk fin! Etter å ha reve ned veggplatene vi vart så misnøgde med, så starta eg å skru opp gipsplater og gjere klart for flisleggjing.....Dette har eg aldri prøvd før, men må seie at eg er veldig fornøgd med resultatet!! Fekk litt rådgjeving av svogeren min Nils, og litt hjelp i krikete krokar av Peder, vår gode nabo....men ellers har eg gjort alt på eiga hand!!! Eg har vertfall skjønt at vi kvinnfolk, vi kan om vi berre tør å prøve!! Eg er fortsatt ikkje heilt ferdig å fuge, og har heller ikkje montert dekksider, lyslister og taklister....men slik ser vertfall det foreløpige resultatet ut:








Her i heimen er det rett og slett berre like bra å sette i gong med slike prosjekt på eiga hand, Patrik er nemleg ikkje særleg glad i å pusse opp :) Han gjer det om eg masar lenge nok, men ser helst at han slepp :) Han ser heller ikkje at vi treng det.....vi kan vel heller setje pengane på ein sparekonto????
Men eit prosjekt kjem han nok ikkje unna ; til sommaren må han byggje om inngangspartiet/yttergangen! Der fins ikkje isolering i veggane, og det bles omlag rett gjennom ytterdøra vår :) Trur ikkje eg lyg når eg seier at det faktisk til tider er minusgrader i den gangen! Ser allereie føre meg korleis eg vil ha det...ny dør, varmekablar i gulvet, glasbyggarstein i ytterveggen, lyst og fint...ja, eg kan drøyme :)

Ein vert visst aldri ferdig å pusse opp....Men sånn er det når ein tek over barndomsheimen...ein finn heile tida noko som trengs å endrast/skiftast. Det er mykje i dette huset som syng på siste verset, men ein lyt ta det når lommeboka og tida tillet det ;)

Ellers har eg no auka stillingsprosenten min på Nav til 70 %, så no har eg fri kvar onsdag saman med ungane, og annakvar torsdag utan ungar, heilt perfekt! Annakvar torsdag nyttar eg til husarbeid og anna forefallande arbeid, er terapi for meg det :) Trivs framleis kjempebra på jobben, og gler meg til kvar einaste dag!

Patrik er ute på ein ekstratur no, og er venta heim førstkomande onsdag...det skal bli godt!!! Har vore mykje åleine siste tida...Det går heilt fint, men gler meg til vi vert to vaksenpersonar i huset att! William saknar pappa`n sin veldig mykje no, og ser tydeleg fram til å få han heim! Trur nok også Matheo saknar han, men ordforrådet hans er jo endå ganske begrensa, så det er ikkje godt å vite kva som røyrer seg i hovudet hans....Det går for det meste i -"Nei...ja...mamma...pappa...nunne"
(smokk) :)

Ein nydeleg januardag. Vi tok middagen ute, grilla pølser på grillen :)

Søstera mi Hege, og Jonas -det vakre tantebarnet mitt!

Sjå så stor eg har blitt!!!
To gode kompisar, Matheo og Emil :)
Laurdagen før Patrik skulle reise, tok vi oss ein shoppingtur til Moa. Handla litt nødvendig, og sikkert mykje unødvendig!
Etter "middag" på Mc Donald`s, sette vi kursen mot "Barnas Lekeland" i Spjelkavika. Der fekk gutane riste av seg litt energi :) Våre ungar synast det er kjempestas å vere her, masse kjekke aktivitetar både for små og store :)
Matheo og pappa i full fart!
Storebror og lillebror :)
Eg nevnte tidlegare i innlegget at eg synast tida går så grueleg fort...Dette er ein tanke som slår meg mange, mange gangar i døgnet. Hadde eg fått velje, så hadde døgnet hatt eit par ekstra timar! Det er så grueleg mykje eg skulle ha gjort, så mange vener eg skulle ha besøkt...Kjære gode venane mine, vi skulle hatt så mykje meir tid i lag! Vi er så grueleg opptatt, alle mann.....Vi har lete oss fange av tidsklemma alle saman! Men folkens, eg planlegg å røme....Eg skal røme, til ei tid med betre prioriteringar og mange fleire koselege stunder med gode vener! Så til dokke som ser dokke sjølv som mine vener, be aware! Snart ser dokke meir av meg, mykje meir :)
Klokka har passert midnatt, og William har allereie vakna og tusla seg inn i mamsen si seng.....Avsluttar her med å ønskje alle saman ei god natts søvn!!! Klem

lørdag 31. januar 2009

Berre ein test...

nikon d60 241

Dette er ein test. Windows Live Writer....

torsdag 15. januar 2009

William 4 år i dag!!!!!

Godt nytt år alle saman!!!!!!!!

Det har vore ei real bloggtørke her i heimen! Det har vore jul, vi har hatt mykje sjukdom, og i tillegg har eg vore ein del åleine med gutane.....så eg føler at tida ikkje heilt har strukke med til å oppdatere bloggen. Men no skal det endre seg...det har eg jo for så vidt sagt lenge no, men vi får tru at eg klarer å halde det oppe denne gongen ;)

I dag er ein stor dag for eldstemann i huset! William (Willmann) fyller 4 år i dag!!!! For å seie det sånn, i dag var det ikkje noko mekling når eg skulle ha han til å stå opp :) I dag var det heilt greit, for han skulle i barnehagen og feire bursdagen sin!
Vanlegvis så er han litt tungbedd å få ut av senga...likar å drøye seg litt på morgonen...ikkje alltid det passar seg når mamma helst skulle ha vore på jobb om få straksar :) Matheo var også sjusovar i dag....han sovna 19.45 i går, og 08.45 gjekk eg inn og vekte han....hærlege gutar eg har :)
Feiringa ventar vi med til søndag, då vert det kakelag i Lerkevegen 6. Gjestelista er lang, og vi reknar med det kjem ein del vaksne i følgje, så dette vert ein kjekk dag både for små og store!

William har bestilt spaghetti m/kjøtsaus til middag i dag, det er ein av favorittane. I tillegg vankar det nok eit par pakkar....han sjølv trur han må vente til søndag, så gleda vert nok stor når storeguten min kjem att frå barnehagen i dag :)


Kjenner eg vert rar i kroppen når eg tenkjer på kor svimlande fort tida har gått...No er det på dagen fire år sidan vi fekk den største gleda på jord, og eg hugsar det som det var i går!!!
Her er William "heilt ny", 3220 gram og 50 cm - HEILT PERFEKT!

Berre ein dag gamal fann han allereide ut at smokk, det var tingen!! Og etter denne dagen
har han vore fullstendig avhengig :)Det må jo då nemnast at han no i ein alder av 4 år, er heilt uavhengig :) Totten er ikkje lenger eit tema!
Titt-titt! 3 månadar gammal...
Lærte raskt kunsten å smile :)

Tenk kor inderleg høgt det er mogleg å elske eit anna menneskje. Kva hadde vel livet vore utan gutane mine...ingenting....

Då vi venta Matheo, kunne eg ikkje skjøna korleis eg skulle greie å dele denne kjærleiken på 2....Hadde eg verkeleg meir kjærleik til overs? Men eg forstod raskt at det ikkje var noko tema i det heile tatt, hjartet bankar like varmt for dei begge to...prinsane mine :)





Jula er over for denne gong, og vi har storkosa oss saman med familien!!
Vi har hatt mykje sjukdom stort sett heile jula, men det gjekk no på eit vis det også :)
Svenskane var her ei heil veke, og det satte vi stor pris på!! Julekvelden var vi 16 stk rundt bordet, og julematen smakte som venta nydeleg!!!! Julenissen kom i år også, og dette året var han umogleg å avsløre for småtrolla :) Tusen takk for ein fantastisk innsats, Pudding!
Ein kjempekjekk kveld for store og små!

Middagen tok vi hos Hege og Nils.....

....medan vi tok kaffe, kaker og pakkeåpning hos oss :)
Dern beste julegåva Emil nokon gong har fått, ein BAMSETIGER!!!!
Lenge sidan eg har sett slik ei sann glede i eit barneansikt :)


Spennande.....og litt skremmande :)


Farfar og onkel Magnus.

Farmor og gutane leikar med siste pakken i kalenderen....plastalina!

No er vi klare for eit nytt og godt 2009!
Gutane er friske, og Patrik kjem heim frå det opne hav førstkomande mandag :) Vi gler oss!
No skal eg hente mine håpefulle i barnehagen....Vil avslutte med å sende ein liten kram til farmor i Sverige som er nyoperert, og farfar som ligg med influensa!! Love You!!!!
Ha ein strålande torsdag ettermiddag alle saman!!!!!