lørdag 7. februar 2009

Puuuh....

Då er endeleg timen for vaksentid komen! Gutane søv sin søtaste søvn, og eg nyt stillheita :) Det har gått i eitt heile dagen...men det gjer det stort sett kvar dag :) Vi har hatt ein fin dag, alle tre. Er så godt med desse helgedagane...det er ikkje noko stress med å kome seg ut av senga...ser litt Barne Tv og nyt varmen under dyna. Men "idyllen" varer ikkje altfor lenge då....Matheo er som regel i full vigør etter ei lita stund :) Men vi er heldige som har ungar som likar å ligge litt frampå! Det er sjeldan vi er oppe før halv ni når vi har fridagar, og det er jo berre kjempeluksus!! Vi har ikkje lov å klage!

Det har vore ein fantastisk fin dag i dag, kaldt og klart!! Det som ikkje er like fint, det er sola sine mange avsløringar......Plutseleg ser ein at ein har grueleg skitne vindauger, og støvet dansar i alle rom....Så då var det berre å sette i gong, vaske vindauger, henge ut tepper og vaske vekk dei verste avsløringane! Ikkje akkurat det eg var tenkt å bruke denne laurdagen på, men denne gongen var det faktisk nødvendig....Eg venta til Matheo skulle ha kvilen sin, og vart akkurat ferdig til han slo opp augene :) Sånn er det her i huset....det meste må planleggjast og gjerast i rette augeblikk! Vaske badet, det gjer eg som regel når gutane sit i badekaret...to fluger i eitt smekk :)

Skulle nok helst ha vore på fjellet i sånt eit fint ver, men det vart ikkje denne dagen heller.....Men vi smurte lunsj, baguettar med skinke og ost, kledde oss godt og tok oss eit par timar ute. Det er jo ei kjennsgjerning at maten smakar betre i frisk luft...og jammen var det godt :)



Sånne dagar lyt ein berre nyyyyte!!!!


Matheo er på det stadiet no at han skal kopiere storebror i alt han gjer...Dette fell ikkje alltid i god jord, og det er mykje "høge lydar" i løpet av ein dag! Dei er nok like sin pappa begge to, viljesterke og temperamentsfulle :)
William sitt siste "rituale" er at han må "lage sveis" før han legg seg....og dette må jo då sjølvsagt kopierast det også. Det storebror gjer, det skal også veslemann gjere...No har ikkje Matheo all verda med hår, men litt er der jo :)


Sånn, no er eg klar for skjønnheitssøvnen min :)


Det er eg også! Det meste av vatnet havnar naturleg nok i ansiktet....

I morgon er det alle mødres dag! Då husbonden ikkje er heime, har eg vore og kjøpt meg sjølv ein liten bukett med tulipanar....Vel, det må vel nemnast at eg hadde nok vorte overraska om Patrik kom heim med blomar, ha ha, men...ein lyt verdsette seg sjølv då :) Patrik er flink til så mykje anna, gode kjærasten min!


Darlingen min :)

Gler meg over alle dei mødrer som får ligge litt ekstra frampå i morgon tidleg, og som får nyte godt av litt ekstra oppmerksomheit...dokke fortjenar det alle som ein!!!!
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!!! Klem

1 kommentar:

AnneGrethe7 sa...

Hallo kjære nabo:)

Ja, vi brukte nok laurdagen likt vi to...hihi...såg tepa dine kom ut...sola er deilig no, men du verda som støve vrimla her også.

Gler meg til litt varmare vårdagar og meir liv i gata vår:)

Ønskjer deg ei fin komande veke:)

Nydeleg bilete av prinsane dine!