onsdag 11. februar 2009

Desse gode kvardagane :)

Det er onsdag og eg har ankra bakenden godt i sofaen! Gutane sovna på eit lite knips i kveld, slitne etter ein lang og kjekk dag :) Vi har hatt fridagen vår i dag, ein deilig dag både for stor og liten!! Håper verkeleg eg får fortsette å ha denne fridagen så lenge gutane er små....eller helst lenger også for den del :) Gutane har tatt del i litt husarbeid (på si egen måte), ellers har vi brukt dagen stort sett berre til leik og moro! Det berre sååå godt med sånne dagar :)



No sit eg i sofaen, omringa av stearinlys (avhengig) og ventar på at min kjære skal kome heim! Desse siste 14 dagane har som vanleg gått frykteleg fort, men det vert godt å få han heim no! Ikkje minst gler eg meg til eg får anledning å gå meg kveldsturar...det har eg ikkje hatt anledning til på ei stund no....Har stort sett vore åleine med gutane siste månaden, sett bort frå 4 dagar.....Vanlegvis er Patrik heime 3-4 veker, men denne gongen tok han på seg ein ekstratur. No vert han heime 12 dagar før neste utreise, og desse 12 dagane skal vi bruke godt!!! Bortsett frå litt finpussing på kjøkenet og nytt tak på badet (det skulle vore oppe for 14 månadar sidan), så skal han få "fri" frå sånne prosjekt :)




Når Patrik er "ute" startar arbeidsdagen hans kl 07, og sluttar vanlegvis ikkje før kl 23, 7 dagar i veka...så han er forståeleg nok ganske trøytt når han kjem heim, treng nokre dagar å kvile seg ut på....Men eg let han ikkje gløyme at det faktisk er ein 24-timars jobb å gå her heime åleine også! Eg er heldig som ikkje jobbar meir enn 70 %, men det er jo ikkje akkurat avslapping som ventar ein når ein kjem heim frå arbeid....Då er det to små som skal underhaldast, eller berre haldast :) Etterfulgt av middagslaging, rydding, vasking, klesvask, kveldsmat, kveldsbad og stell, og så natta....Ellers er eg også ekspert på å skaffe meg sjølv ekstraarbeid! Eit eller anna må til stadigheit ommøblerast og flyttast rundt på, skap må ryddast og sorterast...ja, sånn er eg :) Men eg hadde ikkje villa bytta vekk kvardagen min for alt i verda!!!!! Og det er godt å tenkje på synast eg....



I går var det 10. februar......på dagen 2 år sidan min kjære og gode pappa vart reven vekk frå oss. 10 februar 2007...eg hugsar det som det var i går!
Kvelden var komen, og vi hadde ikkje høyrt frå pappa sidan tidleg morgon....ikkje tok han tlf når vi ringde heller....Vi kjende på oss at eitt eller anna ikkje var som det skulle...Snakka litt fram og tilbake, og vart einige i å stikke nedom han ein tur...berre sjekke at han var ok. Patrik og mamma tok turen ned....og eg er frykteleg takksam den dag i dag at eg valde å bli heime....noko inni meg sa at eg ikkje burde vere den som tok turen ned. Det var dessverre gått som vi hadde frykta lenge.... livet var ikkje til å redde, og pappa vart erklært død kl 21 den kvelden, 51 år.....Gode, gode pappaen vår, om du berre visste kor mykje vi saknar deg!




2 år går fort.....så altfor fort! Desse 2 siste åra har gitt meg mange tankar... gjort meg meir reflektert, både over kven eg er og kva "misjon" eg eigentleg har her på jorda...Eg har lært meg å nyte dei "små augeblikka" alle snakkar om, og tek ikkje lenger ting, tid og menneskjer for gitt..
Det er mykje hard lærdom langs livets landeveg! Mykje av det styrkjer oss som menneskje......

No skal eg avslutte, og sjå om eg får fiksa noko mat til min kjære. Ein ny fridag ventar meg i morgon:) Carpe Diem!

Ha ein fortsatt fin kveld alle saman!!!! Klem

6 kommentarer:

EGSET/BRAUTASET sa...

Fine ord om faren din. Alt for tidleg å fare når du er berre 51 år. Men ein har aldri nokon garanti for noke.
Fin blog du har. Kjkt å stikke innom å sjå korleis du har det. :))

Lill sa...

Flott innlegg Elisabeth, og fine ord om pappa'n din, det er hjarteskjærande å miste sine næraste, og så ung. Tida går fort men minna er der, ta vare på dei.
No må du nyte dagane husbonden er heime, og slappe godt av. Ingen kjære mor å vere aleine i lange periodar. Og du.... Du er berre knallflink til å legge flis:0), og flink er du også. Kjøkenet ditt er berre lekkert.
Ha en fin fridag idag.
Stort smil frå meg

Silje sa...

Akkurat no renn tårene mine heilt fritt...fantastiske ord du skriv om faren din...ufatteleg trist at det vart slik Elisabeth....men eg veit at du veit...og du veit at eg veit....forstår berre så altfor altfor godt korleis du har hatt det, og sikkert også korleis du har det trur eg...........stor klem...

Rita Olene sa...

Sterkt innlegg,Elisabeth! So trist at dokke mysste pappaen dokka so tidlig... Det e godt å sjå du he so monge gode minne om han!
Og du he nok å henge fingrane i ser ej...må beundre dej...skjønna det e godt når mannen kjeme heimatt å avlasta litt ja:)

Om du fe lyst å strikke dej votta du også,so e oppskrifta i "strikk & tov nr.8",greie å bjønde med når en skal lære å strikke..vakje so altfor vanskelige...og en ser fort resultat...greit når en he lite tid og/eller tålmodigheit:)
Klemklem

Nunne sa...

Rørende å lese innlegget ditt!
Kjenn det va sterkt å lese! Men du er flink som kan sette ord på ting!
Var innom en i kveld som miste kona si for et par uker sia... han satt aleine og "feira" bryllupsdagen deres... har så vondt av han... Livet er ikke rettferdig... 51 år er så ung! Du skriver så flott om når din kjære kommer heim ,det er som om vi lesere ser han parkere utenfor døra og komme heim, til det kjæreste han har, deg og gutta!
Kos deg, regne med du har fått gå kveldstur no når han er heime!
Natta, fra Nunne.

Astrid sa...

Fint innlegg Elisabeth.
Eg kjenner meg så godt igjen i det du skriv på slutten her... Ein lærer seg å sjå verda på ein annan måte, ein reflekterar meir over ting som ein kanskje tok for gitt før.Ein lærer seg som du skriv; å nyte dei "små augeblikka" alle snakkar om.
Eg er einig med deg i at det er mykje hard lærdom i løpet av livet, og somme vert utfordra hardare enn andre:( Det er flott å lese at du allereie ser at noko av den harde lærdomen styrkjer oss som menneske. Eg synest det vitnar om ein enorm styrke hjå DEG Elisabeth, at du greier å sjå dette allereie etter berre to år. For eg som du, synest nok at åra sidan vi hadde våre kjære pappa'ar hjå oss har gått frykteleg fort. Eg spør meg sjølv av og til om eg kjem til å kjenne det annleis nokon gong? På ein måte vil eg ikkje at tida skal gå så fort, eg vil at tida saman med Pappa skal vere noko som eg opplevde for ikkje så lenge sidan.
Godt med gode minner seier eg, det betyr mykje!

No ventar eg på fleire blogginnlegg frå deg, likar bloggen din veldig godt:)
Har ei utfordring til deg på bloggen min!!
God helg:)