torsdag 30. oktober 2008

Brrrrrrrrrr........

I dag var det ikkje noko kjekt å stå opp....hadde det varmt og godt under dyna, men med to utolmodige småtassar, så var det berre å kaste seg ut av hærlegheita og kome seg inn i morgonkåpa :) Men brrrrr....innmari så kaldt det var i huset da....måtte sjekke temperaturmålaren på kjøkenet....13,3 plussgrader!!!!!! Fy.....så snart Patrik kjem heim neste veke, så går vi til anskaffelse av varmepumpe!! Har vedovn, og fyrte hardt og godt i den, så varmen kom seg om litt....men hadde vore fint om ein slapp gjere det på morgonen :)

Har hatt begge ungane hieme i dag, så vi har farta rundt litt. Vore på utkikk etter dunjakke til Matheo, men fann ingen som fall heilt i smak...eller, fann ei på Sport1 i Volda...men litt dyr, og han veks jo så raskt, så tenkjer eg ventar til vi reiser til Sverige 19. nov! Då skal vi julehandle på Gekås i Ullared, der har dei alt mellom himmel og jord, tenkjer eg finn jakker til gutane der:) Tenkjer eg finn mykje anna (u)nyttige ting og tang der også :)

I kveld har vi 10 av oss på jobben vore i Fosnavåg på Restaurant Maki og kosa oss!! Ei fantastisk 3-rettars middag, av hærlegheiter som havet byr på! Må berre få sagt at det er ein nydeleg gjeng eg jobbar saman med, eg trivs så innmari godt!! Det er mykje som kan seiast om Nav i desse dagar, men vi som jobbar der har det vertfall artig i lag!!

Nei, trur eg må blogge meir i morgon.....skal på jobb, så må krype til køys..
Ei god natt til dokke alle sammen!!!

onsdag 29. oktober 2008

Frøken Slitesen!!

Kjenner meg moglegvis ein smule mindre begava no når eg har byrja å prøve meg på denne blogginga.....skjønar rett og slett ikkje korleis alt fungerer!! Alle har så fine bakgrunnar på bloggane sine...korleis får ein det til då?? Og korleis får eg plassert bileta mine der eg vil på bloggsida?? Har lasta ned Windows Live Writer, det skulle visst vere nyttig....men ka hjelp vel det når frøkena ikkje skjønar korleis ho skal handtere det :)
Ja, ja...eg vert vel klokare etterkvart...har ikkje tenkt å gje meg med det første!! Lyt vel ta meg ein tur bort til naboen og få litt eksperthjelp :)

I dag har eg hatt fri!! Har fri onsdagane og torsdagane, jobbar 60 %. Eg og Patrik fann ut at det var det beste no når han har byrja jobbe på plattform. Då har eg ungane heime frå barnehagen onsdagane, også får eg gjere det husarbeidet som trengs på torsdagane...nåja, husarbeid må ein gjere kvar einaste dag likavel, men eg får sjansen til å gjere det litt nøgnare torsdagane :) Så arbeidsvekene mine går eigentleg fort. Syns også det er deileg å sleppe å jobbe fullt no når ungane er små...tida saman med dei no er særs verdfull!!!!!!!

Dagen i dag har gått i ett. Ikea-kjøkkenet vårt har kome, så i dag har eg fått i hus heile denne flatpakka hærlegheita! Må sei eg gruar meg litt til monteringa....Når Patrik kjem heim 5. nov skal gamle-kjøkenet vere fjerna, og klart for han til å legge nytt golv.....har ein STOR jobb foran meg :)
Ellers har eg hjulpe mamma resten av dagen. Ho har kjøpt seg leilegheit i rekkjehus på Vallabøen, så siste dagane har vi reve så å seie alt innvendig....no har vi så smått byrja på maling og tapetsering....Blir kanonflott til slutt!!!

Så...huset er rydda, ungane søv, og no skal eg nyte siste tida før natta melder seg....Alltids noko å glane på på TV`en veit dokke :)
Veit at ingen er inne å følgjer bloggen min enno, er jo så ny....men ein fortsatt strålande kveld til dokke alle!!

onsdag 22. oktober 2008

Hello Sweden!!!

No har eg kasta meg ut på noko eg aldri har gjort før! Eg har blitt bitt av bloggebasillen!!
Etter å ha lese andre sine bloggar ei stund no, så fann eg ut at eg jammen ikkje kunne vere noko dårlegare.....Men ein kan jo kjenne eit snev av prestasjonsangst når ein ser alle desse flotte bloggane som vert skapte rundt omkring, og kor harmonisk det verkar vere i "alle" heimar...Då kan eg jo seie med ein gong at vårt kvardagsliv ikkje berre er farga av "glade fargar", vi har også gråe dagar. Dagar der alt ikkje er like fint og flott...dagar der ein eigentleg berre ønskjer at klokka blir så mykje at ein kan finne senga og drøyme seg til ein ny, og forhåpentlegvis betre kvardag. Heilt normalt, tenkjer eg!
Sjølvsagt og heldigvis kjem ikkje desse dagane ofte, men eg synes det er vel så greit å dele sånne dagar, og ikkje berre farge alt lyserosa... :) Det er vel verklegheita vi skal dele her på Blogglandia, som dykk etablerte bloggjarar kallar dette vakre samfunnet :)
Er spent på å sjå korleis dette går...om eg skjønar denne blogginga...og om eg i det heile tatt skriv noko som fengjer andre der ute.

Heilt til slutt vil eg også seie at den største grunnen til at eg no prøver meg på blogging, er den kjære familia vår i Sverige. Sambuaren min er svensk, og forhåpentlegvis gjer vi det no enklare for hans familie å følgje kvardagen vår. Vi snakkar rett nok med dei på telefonen kvar einaste dag, men det vert likavel noko heilt anna å følgje bloggen på nettet og sjå biltete og anna frå kvardagen vår :) Så "Hello Sweden!!!!!"