onsdag 22. oktober 2008

Hello Sweden!!!

No har eg kasta meg ut på noko eg aldri har gjort før! Eg har blitt bitt av bloggebasillen!!
Etter å ha lese andre sine bloggar ei stund no, så fann eg ut at eg jammen ikkje kunne vere noko dårlegare.....Men ein kan jo kjenne eit snev av prestasjonsangst når ein ser alle desse flotte bloggane som vert skapte rundt omkring, og kor harmonisk det verkar vere i "alle" heimar...Då kan eg jo seie med ein gong at vårt kvardagsliv ikkje berre er farga av "glade fargar", vi har også gråe dagar. Dagar der alt ikkje er like fint og flott...dagar der ein eigentleg berre ønskjer at klokka blir så mykje at ein kan finne senga og drøyme seg til ein ny, og forhåpentlegvis betre kvardag. Heilt normalt, tenkjer eg!
Sjølvsagt og heldigvis kjem ikkje desse dagane ofte, men eg synes det er vel så greit å dele sånne dagar, og ikkje berre farge alt lyserosa... :) Det er vel verklegheita vi skal dele her på Blogglandia, som dykk etablerte bloggjarar kallar dette vakre samfunnet :)
Er spent på å sjå korleis dette går...om eg skjønar denne blogginga...og om eg i det heile tatt skriv noko som fengjer andre der ute.

Heilt til slutt vil eg også seie at den største grunnen til at eg no prøver meg på blogging, er den kjære familia vår i Sverige. Sambuaren min er svensk, og forhåpentlegvis gjer vi det no enklare for hans familie å følgje kvardagen vår. Vi snakkar rett nok med dei på telefonen kvar einaste dag, men det vert likavel noko heilt anna å følgje bloggen på nettet og sjå biltete og anna frå kvardagen vår :) Så "Hello Sweden!!!!!"

1 kommentar:

Rita Olene sa...

Heisann Elisabeth!!!
Tusen takk for kjempefin kommentar på bloggen min!! Ej kjenne mej igjen i det du skreiv om prestasjonsangst når d gjelde dinne blogginga...ej e so dårli me data,so kava litt,men rekna me d går bedre etterkvart:) Alt vel me dej? For nåken nydelige guta du he fått dej!!!(Og so fine navn!) Blir kjekt å følge me på bloggen din! Og ej e heilt enige me dej,trur ikkje livet e so roserødt som veldig monge framstille liva sine i disse bloggane! Blir no nesten frustrert av å lese om det..:) hehe:)