onsdag 29. oktober 2008

Frøken Slitesen!!

Kjenner meg moglegvis ein smule mindre begava no når eg har byrja å prøve meg på denne blogginga.....skjønar rett og slett ikkje korleis alt fungerer!! Alle har så fine bakgrunnar på bloggane sine...korleis får ein det til då?? Og korleis får eg plassert bileta mine der eg vil på bloggsida?? Har lasta ned Windows Live Writer, det skulle visst vere nyttig....men ka hjelp vel det når frøkena ikkje skjønar korleis ho skal handtere det :)
Ja, ja...eg vert vel klokare etterkvart...har ikkje tenkt å gje meg med det første!! Lyt vel ta meg ein tur bort til naboen og få litt eksperthjelp :)

I dag har eg hatt fri!! Har fri onsdagane og torsdagane, jobbar 60 %. Eg og Patrik fann ut at det var det beste no når han har byrja jobbe på plattform. Då har eg ungane heime frå barnehagen onsdagane, også får eg gjere det husarbeidet som trengs på torsdagane...nåja, husarbeid må ein gjere kvar einaste dag likavel, men eg får sjansen til å gjere det litt nøgnare torsdagane :) Så arbeidsvekene mine går eigentleg fort. Syns også det er deileg å sleppe å jobbe fullt no når ungane er små...tida saman med dei no er særs verdfull!!!!!!!

Dagen i dag har gått i ett. Ikea-kjøkkenet vårt har kome, så i dag har eg fått i hus heile denne flatpakka hærlegheita! Må sei eg gruar meg litt til monteringa....Når Patrik kjem heim 5. nov skal gamle-kjøkenet vere fjerna, og klart for han til å legge nytt golv.....har ein STOR jobb foran meg :)
Ellers har eg hjulpe mamma resten av dagen. Ho har kjøpt seg leilegheit i rekkjehus på Vallabøen, så siste dagane har vi reve så å seie alt innvendig....no har vi så smått byrja på maling og tapetsering....Blir kanonflott til slutt!!!

Så...huset er rydda, ungane søv, og no skal eg nyte siste tida før natta melder seg....Alltids noko å glane på på TV`en veit dokke :)
Veit at ingen er inne å følgjer bloggen min enno, er jo så ny....men ein fortsatt strålande kveld til dokke alle!!

2 kommentarer:

Gry sa...

Kor kjekt :D

Syns du fiksa blogginga perfekt ej!
-dessuten flott at du ikkje he for masse krims krams i bakgrunnen, blir berre virr varr ut av slikt.

Gler meg til fortsettelsen!
God klem fra Gry

Camilla sa...

elisabeth, så kjekt at du laga blogg! og DET flotte bildet av gutane som møtte mej når ej åpna bloggen - herlig!

det blir kje berre sverige som kjem til å følge med! ditte e kjekt for oss som e aaaaltfor langt borte :)

diger klem frå sommarlige sør, eksamenscamilla