fredag 6. februar 2009

Ymse vimse :)

Då er det fredag, igjen!! Tida flyg i desse dagar, føler vekene stort sett består berre av mandagar og fredagar.

Har vore særs lite blogging siste tida...siste veka har eg hatt fullt opp.
Er jo ei stund sidan vi byrja å pusse opp kjøkkenet vårt...det har tatt si tid, sidan Patrik er såpass mykje vekke på jobb. Synast det har gått i tregaste laget eg då, så her ein kveld bestemte eg meg for at no, ja no skal eg søren meg fikse det siste sjølv! Tok meg ein tur til Olav Myklebust og bestemte meg for flis, og kjøpte div tilbehør. Valet fall ganske raskt på ei flis som heiter Argento, lysegrå 10*60 cm. Steinhard flis, så litt vanskeleg å jobbe med, men fantastisk fin! Etter å ha reve ned veggplatene vi vart så misnøgde med, så starta eg å skru opp gipsplater og gjere klart for flisleggjing.....Dette har eg aldri prøvd før, men må seie at eg er veldig fornøgd med resultatet!! Fekk litt rådgjeving av svogeren min Nils, og litt hjelp i krikete krokar av Peder, vår gode nabo....men ellers har eg gjort alt på eiga hand!!! Eg har vertfall skjønt at vi kvinnfolk, vi kan om vi berre tør å prøve!! Eg er fortsatt ikkje heilt ferdig å fuge, og har heller ikkje montert dekksider, lyslister og taklister....men slik ser vertfall det foreløpige resultatet ut:








Her i heimen er det rett og slett berre like bra å sette i gong med slike prosjekt på eiga hand, Patrik er nemleg ikkje særleg glad i å pusse opp :) Han gjer det om eg masar lenge nok, men ser helst at han slepp :) Han ser heller ikkje at vi treng det.....vi kan vel heller setje pengane på ein sparekonto????
Men eit prosjekt kjem han nok ikkje unna ; til sommaren må han byggje om inngangspartiet/yttergangen! Der fins ikkje isolering i veggane, og det bles omlag rett gjennom ytterdøra vår :) Trur ikkje eg lyg når eg seier at det faktisk til tider er minusgrader i den gangen! Ser allereie føre meg korleis eg vil ha det...ny dør, varmekablar i gulvet, glasbyggarstein i ytterveggen, lyst og fint...ja, eg kan drøyme :)

Ein vert visst aldri ferdig å pusse opp....Men sånn er det når ein tek over barndomsheimen...ein finn heile tida noko som trengs å endrast/skiftast. Det er mykje i dette huset som syng på siste verset, men ein lyt ta det når lommeboka og tida tillet det ;)

Ellers har eg no auka stillingsprosenten min på Nav til 70 %, så no har eg fri kvar onsdag saman med ungane, og annakvar torsdag utan ungar, heilt perfekt! Annakvar torsdag nyttar eg til husarbeid og anna forefallande arbeid, er terapi for meg det :) Trivs framleis kjempebra på jobben, og gler meg til kvar einaste dag!

Patrik er ute på ein ekstratur no, og er venta heim førstkomande onsdag...det skal bli godt!!! Har vore mykje åleine siste tida...Det går heilt fint, men gler meg til vi vert to vaksenpersonar i huset att! William saknar pappa`n sin veldig mykje no, og ser tydeleg fram til å få han heim! Trur nok også Matheo saknar han, men ordforrådet hans er jo endå ganske begrensa, så det er ikkje godt å vite kva som røyrer seg i hovudet hans....Det går for det meste i -"Nei...ja...mamma...pappa...nunne"
(smokk) :)

Ein nydeleg januardag. Vi tok middagen ute, grilla pølser på grillen :)

Søstera mi Hege, og Jonas -det vakre tantebarnet mitt!

Sjå så stor eg har blitt!!!
To gode kompisar, Matheo og Emil :)
Laurdagen før Patrik skulle reise, tok vi oss ein shoppingtur til Moa. Handla litt nødvendig, og sikkert mykje unødvendig!
Etter "middag" på Mc Donald`s, sette vi kursen mot "Barnas Lekeland" i Spjelkavika. Der fekk gutane riste av seg litt energi :) Våre ungar synast det er kjempestas å vere her, masse kjekke aktivitetar både for små og store :)
Matheo og pappa i full fart!
Storebror og lillebror :)
Eg nevnte tidlegare i innlegget at eg synast tida går så grueleg fort...Dette er ein tanke som slår meg mange, mange gangar i døgnet. Hadde eg fått velje, så hadde døgnet hatt eit par ekstra timar! Det er så grueleg mykje eg skulle ha gjort, så mange vener eg skulle ha besøkt...Kjære gode venane mine, vi skulle hatt så mykje meir tid i lag! Vi er så grueleg opptatt, alle mann.....Vi har lete oss fange av tidsklemma alle saman! Men folkens, eg planlegg å røme....Eg skal røme, til ei tid med betre prioriteringar og mange fleire koselege stunder med gode vener! Så til dokke som ser dokke sjølv som mine vener, be aware! Snart ser dokke meir av meg, mykje meir :)
Klokka har passert midnatt, og William har allereie vakna og tusla seg inn i mamsen si seng.....Avsluttar her med å ønskje alle saman ei god natts søvn!!! Klem

2 kommentarer:

Silje sa...

Takk for blogghelsing! Ser ut som kjøkkenet vart kjempeflott, du er kjempeflink, eg hadde ikkje fått til ditta der trur eg...;) Ha ei super helg :)

Camilla sa...

wow! elisabeth, du e virkelig ei grepa dame! for eit flott kjøkken, ej e helt imponert! gleda mej til å sjå den nye gangen i sommar, hehe.

og så herlige ungane e! og dåkke e flinke til å nytte tida, sjølv om det følast som om den berre susar forbi!

veldig kjekt å følge bloggen din når ein er så langt borte! :) stor klem*