fredag 13. mars 2009

Endeleg fredag :)

Då er det jaggu helg igjen! Å denne gongen ynskte eg den verkeleg velkomen....Det er særs hektiske dagar på jobben for tida, og eg kjenner at det tek litt på når arbeidsveka går mot slutten....Å då er det jammen godt å vite at denne helga skal nyttast til kos og kvalitetstid saman med gutane mine!! Vi har ingen planar, men skal nok klare å fylle dagane med eitkvart :)

Patrik er offshore, reiste ut att onsdag morgen...så no er det to veker utan pappa i huset. To veker går heldigvis raskt....Men skal eg vere heilt ærleg, så synast eg faktisk det er heilt greit desse første dagane etter Patrik har reist....godt å ha litt tid for seg "sjølv", synast eg....Kanskje dokke synast eg er sær som kjenner det slik....?? Men då må det jo også seiast at når det nærmar seg heimkomst for Patrik`en vår, då er saknet sterkt hos oss alle 3 her heime! Ein veit kva ein har når ein ikkje har det innan rekkevidde til ei kvar tid.....Eg trur det er sunt å sakne frå tid til annan :)


Hadde håpt at denne helga skulle by på mykje sol og vårkjensler...men det ser heller dårleg ut i følgje vermeldingane...Det ser ut som vi lyt leve på dei flotte dagane vi fekk forrige veke og tidleg i denne veka....ja, ein må jo ikkje verte for storforlangande heller, vi bur jo tross alt på Sunnmøre :) Men det har vore hærleg å opphalde seg utandørs desse flotte vårdagane!!!





"Å reie", det er noko av det kjekkaste som finst, synast Matheo!


William har blitt kjempeflink å lage fart sjølv :)


Sånne skue vil vi ha meir av!!!



Middagen smakar godt ute!!

Storegutane våra....sukk, tida går fort.......
Jonas, lisje vennen vår :)
Leon likar ikkje snø og plask på potane, så denne årstida passar han godt!
Sebastian, ein hærleg skapning!!

Det merkast godt at våren no er på vei....Det er endeleg fullt liv i gata igjen, "Lyckliga Gatan" som vi sjølve likar å omtale den :) Vi er så heldige å bu i ei gate full av fantastiske naboar, og ikkje minst full av hærlege ungar!! Vi tel 21 ungar frå 0-12 år, og i tillegg har vi også ein gjeng med tenåringar å bryne oss på :) Eg vil absolutt tør å påstå (som Kjellen sjølv ville ha sagt det) at vi har mykje kjekt i lag!! Så snart snøen er smelta å gradene byrjar krype oppover på målaren, så er vi som bur her meir utandørs enn vi er innandørs! I tillegg til at ungane har det svært kjekt i lag, er vi som foreldre også så heldige at vi har ein svært god kjemi...sånn kjenner i vert fall eg det! Det er mogleg at nokon ikkje har same oppfatninga, men eg vel å ikkje tru det :)
Patrik har lenge snakka om at han har lyst å bygge hus, og det skal vi nok gjere ein gong....men her og no så er vi einige i ein ting; vi flyttar ikkje frå denne gata så lenge gutane er små!!! Så kjære naboar, dokke lyt nok halde ut med oss nåkre år til :)
Torsdag hadde Matheo ein liten overraskelse til meg når eg kom å henta han i barnehagen....Han hadde vore med på forming og mala eit nydeleg lite glas til å ha telys i....og i tillegg hadde han valt fargen lilla , min yndlingsfarge for tida!! Eg vart så glad, og ikkje minst rørt.....Lisje Knerten min på 19 mnd hadde mala noko så fint, sånt røyrer noko ved eit mors hjarte....Dette vesle lyset skal få skine kvar kveld framover :)
Med dette fine lyset vil eg ønskje dokke alle ei fantastisk fin helg!! Ta vare på kvarandre, og nyt tilværelsen......Klemklem

3 kommentarer:

Elisabeths Ingeborg sa...

Heihei!
Eg ser at du er ørsting, og har vore så heldig å utnytte vårdagane som har vore til det fulle;)
Sitt på jobb no og ser ut på sola som står opp...Og kliv seg oppover husveggane. Det ser faktisk ut til at vi kan få ein bra start på dagen, kanskje helga?
Eg tok meg litt til rette å la meg til som følgjar på bloggen din, håpar det er greit;)

Silje sa...

Ser ut til at vi får ein fantastisk dag i dag også, det må benyttast til fulle :)

Fine bilder, og det måla glaset til telys var berre nydeli :) Kjekt med slike overraskelsar!!

Ha ei super helg, det skal vi :))

Anonym sa...

Kjempefine bilder bellamor!! fe håpe i det lengste at snøven forblir vekke....hm.
klem