tirsdag 11. november 2008

Litt oppdatering....

No var det jammen lenge sidan eg blogga!
Det er totalt kaos i heimen vår, og all tid går med til å pusse opp kjøkenet...
Vi byrjar å sjå at det tek form no endeleg :) Ikkje alt har gått etter planen...vi har mellom anna fått feil benkeplate....men etter ein fortvila telefon til Ikea, så lova dei å stå på døra vår i morgon :) Det tykkjer eg er service!!!!

Ein annan grunn til at det har vore dårleg med blogging i det siste, er at vi har vore utan internett.....Vi er to vaksne analfabetar når det gjeld data, men HELDIGVIS har vi vår fantastiske nabo Einar Magne!! Han er vår ambulerande "datareperatør" når vi i nr 6 ikkje har kontakt med nettet :) Av og til kan det vere så enkelt som at strømkabelen er slått av, då kjem Einar Magne å skrur den på...hi hi ;) Tusen takk for at du er så snill Einar!!!!!!!!
Vil forresten helse til Kristin som har bursdag i dag! Gratulerer med dagen Kristin!!!! Du er ei fantastisk dame, og eg er sååååå glad for at eg har deg!!! Deg kan eg flire og fjase med, og deg kan eg fortelle alt til, og eg veit at det ikkje kjem vidare...Håpar du har hatt ein fin bursdag Kristin, set kjempestor pris på deg :)

Når kjøkenet er vel i havn, så skal eg bli flink å oppdatere bloggen dagleg...skal også bli flink til å leggje ut bilete frå kvardagen vår...
Det eg absolutt skal bli flinkare til når oppussinga er over, er å prioritere kvalitetstid med dei deilege ungane mine....stakarane, kor kjekt er det å sitje å sjå på at mamma og pappa stressar rundt med kvart sitt skrujarn?????? Masse dårleg samvit i kroppen min no!!!!!

Men no, no skal eg krype under dyna :) Nattinatt.....

1 kommentar:

Annike sa...

Hei!
Kan tenke meg du har nok å styre med om dagane, men kanskje ei utfordring frå meg kan få tankane bort ei stakkars stund? Utfordringa finn du på bloggen min!

Lukke til med kjøkkenet!!