torsdag 20. november 2008

Gode minner....


Det blir litt for lenge mellom kvar gong eg bloggar....men det har si forklaring....eg har ei skikkelig mygla datamaskin!!!! Den lever heilt og fullt sitt eige liv, og bestemmer sjølv når den har lyst å adlyde meg!! I tillegg har kortlesaren min pensjonert seg, så no slit eg med å få lagt inn bilete også....Så øvst på ønskelista til jul i år står ny laptop og ny kortlesar :)
Og vi som vart einige om å ikkje vere så kravstore i år :)
Kjøkkenet er no oppe og går, endeleg!! Og eg er kjempefornøgd med resultatet!! Skal leggje ut bileter når det står heilt ferdig....Vi ventar på at elektrikaren skal gjere frå seg det aller siste. Når han har gjort frå seg, då får vi smelle opp dei flotte veggplatene våre og ventilatoren! Vi har i tillegg ei del småtteri igjen, som dekksider, sokkelar, lyslister og andre lister...kjekt ;)


Jadda...no er eg åleine med ungane igjen nokre dagar..Patrik tok ein Sverige-tur, men blir heldigvis ikkje lenge. Skulle kjøpe litt kjøt og diverse....og i følgje seg sjølv, et par julegåver..(ja ja, blir spennande å sjå kva han kjem heim med!) Likar eigentleg best tanken på at eg sjølv får bli med å handle desse julegåvene...veit no aldri kva dei dreg i land desse mannfolka :)

Det var jo meininga vi skulle til Sverige eg og ungane også...men billegaste flybilletten var 12 500 kr, og det synst vi var noko urimeleg...Orka heller ikkje køyre dessa 210 mila med ungane, så då vart vi heime dessverre...Har veldig lyst til Sverige, så håpar det ikkje blir så lenge til neste anledning byr seg!!

Svigers og onkel Magnus kjem og feirar jul hos oss i år, og det gler vi oss veldig til!! Det blir folksomt rundt juleribba i år, vi tel 16 stk, små og store! Julemiddagen tek vi hos Hege og Nils, medan vi tek kaffi,/dessert/kaker og julepakkeåpning her heime hos oss....Gler meg verkeleg mykje til jul i år, trur det vert ei koseleg tid!! Jan, far til Nils er ute på båt denne jula, så han kjem vi nok til å sakne...men bortsett frå han, så manglar vi berre ein person.....den gode pappaen vår! Jula er nok ikkje den samme utan han lenger....eg saknar han så uendeleg mykje..kvar dag, kvart einaste minutt er han i tankane mine....Skulle gitt sååå mykje for å ha deg her pappa, synast det er så urettferdi at du måtte forlate oss så tidleg....

Det er rart korleis ein lærer seg å leve med ei slik sorg...Då pappa døde, hadde eg store vanskar med å godta at livet skulle spasere vidare..trudde aldri eg ville kome over sorga, eller godta ho på nokon måte......men så går tida da, verda stoppar ikkje opp av slikt....og sakte men sikkert kjende eg at det faktisk var mogeleg å glede seg over ting, mange ting faktisk, samstundes som eg kjende på tomheita etter pappa kvar ein einaste dag....Tomheita er ikkje mindre i dag, heller større...og saknet veks kvar ein einaste dag...men no lever eg på minna frå deg pappa, masse gode minner!!!! Tusen takk for alt du var for oss, vi var så uendeleg glade i deg!!!

Håper at eg no kjem inn i ein fin flyt med blogginga mi, og at eg klarer å produsere eit par setningar kvar dag! Skal i all fall gjere så godt eg kan ;)

Utfordringa du ga meg Annike, den skal eg ta....må berre ha litt bedre tid...kanskje i morgon, så får eg nokre ekstra timar å tenkje på :)

Då ønskjer eg dokke alle ei god natt, og ein flott arbeidsdag i morgon!! No er det straks helg folkens!!!!

4 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

..vart heilt rørt til tåre her eg sit Elisabeth. Bilete var akkurat slik eg hugsar Øystein. Med ein av gutane på arma, alltid tid til sine kjære og til å slå av ein prat med oss naboane. Det er framleis rart at han ikkje er her, som om vi går og ventar på at han skal kome ut av verkstaden, setje seg ved bordet ute med posten og med ein kaffikopp i handa.......Heldigvis har vi mange gode minner å ta fram og eg er heilt sikker på at han er umåteleg stolt av jentene sine og dei nydeleg gutane dykkar.
Han hadde alltid tid, alltid ei hjelpande hand, alltid ein kommentar på lager og dei gjøymer vi innerst inne som gode og dyrebare minner.

Kjøkenet ditt vart superfint og viser berre kor god smak du har. Gler meg til å sjå det med dei stilige platene du fortalde om.

Ungane våre har heldigvis friskna til!

På tide å finne senga...litt seint som vanleg...hihi....

Nattaklem

Lill sa...

Hei:)
Eit rørande og flott innlegg om ein god pappa. Minnane har du livet ut:)

Takk for at vi fekk kjøpe omnen:) Den passa godt på kjøkenet her heime, og er på plass:)
Ha ein god kveld/natt.
Smil frå Lill

Astrid sa...

Vi kjenner visst på dei same låke kjenslene du og eg...
Den intense sorga bleiknar etterkvart, men tomheita og saknet vil alltid vere der! Då er det godt at ein har gode minner, det forstår eg at du også har.
Høgtidene vert aldri dei same, kanskje spesielt julehøgtida, då "alle" er samla.

Kjekt å kome over bloggen din, kjem nok innom fleire gongar eg:)

Varme tankar om ei god veke for deg og dine:)

Silje sa...

Utruleg rørande innlegg Elisabeth... Ein må berre ta ein dag av gongen, og ta godt vare på dei gode minna ein har, det lærte i allefall eg då eg miste systra mi, sjølv om det blir litt annleis... Blir nok ei annleis jul, men det høyrest ut til at du har mykje å glede deg til :)!!
Legge deg til på lista mi ej, so stikke ej nok innom avogtil :)

-Silje-