lørdag 1. november 2008

Nytt kamera :)

I dag har eg tatt i bruk mitt nye speilreflekskamera, Nikon D60 Double VR, og er suuuperfornøgd! Aldri hatt eit sånt flott (og dyrt) kamera før, men no har eg fått ein heilt ny opplevelse av det å ta bileter!! Skulle skaffa oss eit sånt kamera for lenge sidan....synest liksom vi aldri har fått noko særleg bra bileter av ungane med vårt gamle digitalkamera! Men no kan vi glede oss over flotte bileter framover :)
Tek nok litt tid før eg lærer meg å bruke kameraet skikkeleg, som sagt så har eg ikkje særleg til teknisk innsikt :)
I dag skal eg byrje å rive kjøkenet mitt....Nye- kjøkenet mitt har kome, og eg tenkte eg skulle vere ferdig med rivinga til Patrik kjem heim på onsdag....så kan han byrje å legge nytt golv....trur ikkje heilt eg veit kva eg har tatt på meg, er nok mykje arbeid!!!! Apropos golv, så er eg berre såååå fornøgd med golvet eg har bestilt!! Persisk valnøtt heiter det, og slik ser det ut:














Trur dette golvet blir kjempebra på nyekjøkenet :)

Kjøkenet har eg bestilt frå Ikea, så det ligg berre å ventar på å bli montert...Bestemte meg for kvit høyglans, spent på å sjå lorleis det blir til slutt! Kjøkeninnreiinga som står her no er 22 år gamal, og veldig sleta!! Den har stått sidan mamma og pappa budde i huset :) Har tenkt lenge at vi skulle ha kvitta oss med den, men det har liksom ikkje blitt før no....Sidan den er 22 år gamal, så kunne den sjølvsagt vore mykje verre, men heldigvis så valde dei den gongen ei heilt nøytral kvit Sigdal innreiing :) Sånn ser kjøkenet ut no, gler meg til fornyinga!!!













Søren tute......slit veldig med plasseringa av bileta....har ikkje heilt skjønt dette enno :( Men det får bli som det blir fram til eg har fått kontroll på denne blogginga!!

Har vore på familiebading i dag, det er fast kvar søndag kl 11, og er alltid like kjekt!! Vi er ein flott gjeng, og ungane syns dette er kjempestas! Ein fin start på dagen, syns no eg :)

Ellers må eg no berre få sagt at eg gler meg til Patrik kjem heim!!! Blir godt med ein vaksenperson til i huset :) No når han kjem heim, så har han fri til 4. desember! Blir godt å ha han heime såpass lenge! Nei, folkens....det er vel berre å byrje på slitet....Får blogge meir seinare!

God søndag til dokke alle saman!!!

2 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Heia.....
Kor kjekt at du også har tatt steget ut i blogglandia...trur det er mange "skap-bloggara" rundt oss, som likar å lese bloggar og kanskje har lyst til å lage sin eigen, men kanskje ikkje tørr eller har tid, for d tek litt tid..;),
Gler mej til å sjå nye-kjøkenet dykkar. Blir heilt sikkert stilig...du he god smak...
Tusen takk for helsinga til vesle skatten vår, utruleg å tenke på at det er godt over eitt år sida me gjekk her me magane våre i gata...hihi... og berre 22 daga til jobb for meg også...sukk...
Ha en super søndagskveld.
Klem

Lill sa...

Hei og velkomen med blogg:) Kjekt å så nye "fjes" her inne i vår verden:)) Håper det er greit at eg legg deg til blogglista mi? Ser ut som kjøkkenet blir kjempeflott:))
Ha ein god dag
Lill