torsdag 4. desember 2008

God laurdagskveld!

Eg har fått ei utfordring frå Silje Nelly i siljenelly.blogspot.com, og den går ut på å fortelje om produkt og favorittar eg har i skapet på badet! No har eg aldri vore særleg god på sminke og andre velvære-produkt, men her for ei stund sia så bestemte eg meg for at no skulle eg jammen meg freshe meg opp litt, og gjekk til anskaffelse av ulike dilledallerier....Men fy så dyrt det vart da gitt!!! Men dyrt eller ei, det var som dama bak disken sa, produkta er fantastiske!! Eg har oppdaga ei ny verd innan egenpleie ;) So here I go:

Rensegelè: Clinique
Ansiktsvatn: Clinique
Dagkrem: Clinique
Nattkrem: Clinique
Shampoo: Elvital Colour Vive
Balsam: same som shampoo :)
Dusjsåpe: Family Fresh Pearl Dream eller ungane sin Natusan Bedtime
Kroppskrem: Vaseline Intensive Care Aloe fresh
Handkrem: Vaseline Intensive Care Hand and Nail
Fotkrem: nope....e ikkje særlig flimk å ta vare på føtene mine...
Sminkefjernar: Clinique
Mascara: Max Factor Masterpiece Max
Øyeskygge: Isadora Golden Myrtle, trippel.
Foundation: Isadora Hydralight, men dette brukar eg veldig sjeldan...
Leppestift: har ein liggande, men hugsar ikkje kva den heiter.
Lippgloss: masse forkjellige, er vel avhengig eg og :)

Har aldri før brydd meg om rensegelear, ansiktsvatn og dyre ansiktskremar....Til meg har kaldt vatn og ein dæsj Aloe Vera i ansiktet vore meir enn bra nok....men no kjem eg nok til å fortsette med denne egenpleien! Er ganske godt å legge seg på kvelden med eit nyskrella ansikt! Dessverre gjer det ikkje mykje på skjønnheita, men det føles vertfall friskt og godt :)

Det var den utfordringa :)

Shoppingturen til Moa på torsdag gjekk i vasken, det same gjorde julebordet med jobben i går....Forma har mildt sagt vore elendig! Eg og Matheo har hatt ei uggen veke, men no er vi på opptur! Matheo er frisk, trur eg, og eg har berre ei tett nase att...Hærleg, lengtar etter ei natt med god søvn!!!!! Mamma- mi godaste mamma, var her med oss i går kveld og var min "personlege assistent"...laga heimelaga pizza til oss, rydda og hjalp til med ungane...det var godt det!! Set så stor pris på mor mi, ho stiller opp når det måtte vere!!

Verdens beste mamma, og verdens beste tante!!!
I dag har vi eigentleg ikkje gjort stort...Rydda litt i heimen, og elles berre vore saman med prinsane mine! Trur det har vore ein litt lang og småkjedeleg dag for gutane, men av og til er det berre sånn kvardagen er....dei lyt lære seg det. I morgon er det familiebading, også får vi besøk av Janne og Martin frå Olden! Dei har ikkje vore her sidan i juni, og har vel ikkje akkurat gode minner frå det besøket....Martin vart akutt sjuk (Guillan Barre` Syndrom) laurdagsmorgonen, og før kvelden var komen var han flogen til Haukeland med luftambulanse...Etter eit par dagar var han lam i heile kroppen...Heldigvis enda det godt!! Han har lagt bak seg mange månadar med opptrening, og har nok eit lite stykke att før han er der han var før han vart sjuk.....Ei frykteleg skremande oppleving! Gler meg til å sjå han og Janne igjen!!!!!
Elles må eg berre seie at eg er glad for at eg byrja denne blogginga! Alle er så snille med kvarandre her inne i "Blogglandia"...ein får så mange fine kommentara og støttande ord, frå kjende og ukjende! Hadde det berre vore på same måten når vi traff kvarandre "på gata".....
Det kjekkaste er å verte "kjend" med personar eg moglegvis aldri hadde hatt kontakt med om det ikkje var for blogginga! Er glad i å stifte nye bekjentskap, og denne plassen er perfekt til nettopp det!!
Lill har sendt meg ein fantastisk utmerkelse, min første faktisk, og gjett om den rørde meg!! Tusen takk Lill!!! Eg har enno ikkje skjønt korleis ein "hentar" desse utmerkelsane, men det går vel opp eit lys for meg også ein dag! Og når det lyset går opp, då skal eg hente utmerkelsen og leggje den på sida mi :)
No er det way past bedtime for min del....tør ikkje håpe på at natta blir noko bedre enn den forrige :)
Ønskjer dokke alle ei fredfull natt, og ei fortsatt god helg!!!!

5 kommentarer:

Silje sa...

Det ligg noko til deg på bloggen min :)

Annike sa...

Hei!

Her kjem ei utmerking til åt deg! Ligg på bloggen min! ;)

Monica sa...

Godt å høre at dokke e på bedringens vei...kjedelig med disse sjukene so herja før tida! Og ja...dissa mødrene e ubetalelige, vekje ka ej sku gjort uten mi!!
Ligg noke te dej på bloggen min! ;)

Rita Olene sa...

Tusen takk for kjempefine kommentar på bloggen min,Elisabeth!! So god du e!! hehe ja det e greit å bu i byen og mykje å ta sej til,men blir nok klar for familielivet ej også etterkvart!! men akkurat no e det nok balla i lufta me jobb, utarbeiding av kurs ej skal holde og maling...:)
Ser dokke he våre sjuke,håpe dokke e på bedringens vei...
Det ligge nåke til dej på bloggen min,so du fe stikke innom å hente den:):)
God bedring og Klemklem

Ingrid sa...

Hei :) tenkte ej skulle sei hei, når ej først var innom og sneik.. datt innom her via bloggen na Rita. Ser me he same datareperatør, hehe (leste lenger ned på sida her..), ej jobba ilag me na Einar Magne, veldig grett å ta me sej dataen og slenge inn på kontoret hass når det e nåke enn lure på ;)