onsdag 3. desember 2008

Sjuklingar....

I dag har det eigentleg vore litt slitsamt å vere Elisabeth Remmen..... Er vanlegvis ikkje den som klagar, men nokre dagar er mindre kjekke enn andre...sånn er det berre!

Gutane har fri frå barnehagen onsdagane, så i dag tenkte eg vi skulle kose oss!
Men etter ei natt med heller dårleg søvn, så vakna eg potte tett, og alldeles ikkje i form. Jippi, dette lovar bra....skulle ønske eg hadde eit par pensjonerte besteforeldre å låne vekk ungane til...-tenkte eg då :) Men eg kokte egg, varma rundstykker og laga varm kakao, så vi fekk oss i hvert fall ein god og koseleg frukost :)
Har så absolutt ikkje tid til å bli sjuk no...har altfor mykje på plakaten! Kroppen verker, haudet verker og nasa renn...I tillegg har Matheo feber på tredje dagen, og har absolutt ikkje vore nøgd med tilværelsen, skatten min! Han har stort sett vore grinete heile dagen, og har berre vore nøgd på mammas fang... 39, 2 var feberen no i kveld, så han fekk seg ein stikkpille i håp om ei litt betre natt...
Vi var ein tur på legevakta i går kveld, men legen kunne avkrefte øre/hals-betennelse, heldigvis! Men han hadde ein del væske i ørene, og det kan gjere vondt sa legen...Væske i ørene har han vore plaga med lenge, så det går vi jevnleg til kontroll for...

Eldstemann derimot, han har vore fullstendig turbo heile dagen!! Stakkars William, mamma orka ikkje lese bok, bygge lego, stupe kråke i sofaen eller springe villmann rundt i huset! Mamma har berre vore slappfisk :) Kjedelige mamma......Til slutt ga han opp, og har nok brukt litt for mange timar foran TV-skjermen i dag!

William elskar å bade!! I dag har han vore til frisøren, og då måtte jo sjølvsagt håret vere nyvaska :)
Etter middag, så berre måtte vi kome oss ut litt...så vi tok turen opp til familien Indrearne Raisio! Det var berre karane i huset som va heime, men vi kosa oss læll! Gutane strålte, lett å sjå at dei synast det var godt og kome seg ut litt, få litt anna stimuli :)

Om Matheo har hatt ei ok natt, og er feberfri i morgon, så leverer eg ungane i barnehagen og stikk til Moa! No er eg berre nøydd å byrje på julegåvene!! Gutane skal få seg saccosekkar i år, og då har eg sett nokre fine på Bohus i Spjelkavik...så eg tek like godt resten av julehandelen der ute også....handelslekkasje..hi hi :)

Det er enno tidleg kveld, men eg kjenner at eg er klar for senga no....Tenkte eg berre skulle slenge inn nokre bileter frå dei siste vekene! Veit at farmor og farfar i Sverige ventar på bileter :)

Willisam og Matheo ute på akebrett ein nydeleg vinterdag i forrige veke!
Tenk om dette vakre vinterveret kunne få vare litt lenger enn 2 dagar!!
Matheo, morgenstund har gull i munn! Denne karen er som regel aldri morgongretten :)
Minste skatten vår, Jonas!
Nei, maskina mi er så siiiiiiiiinsjukt treig....tek år og dag å laste opp bileter, så eg trur eg må fortsette i morgon.....
Har også fått nokre kommentarar på tidlegare innlegg, og berre så dykk er klar over det, eg skal svare!! Men trur eg må gjere det også i morgon :) Set stor pris på alle kommentarar!!
God klem til dokke alle sammen!!!

3 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Uff, stakkars dokke....etter to veker med spya og til sist øyreverk på minsten veit eg kor dette er sjølv om eg har vore frisk. Vi treng søvn for å ha energi til alt i kvardagen!
Sjølvsagt skal det bli slik når du er åleine og Patick er på jobb, typisk :) Kryssar fingrane og håper at Matheo er bra i morgon.
Må berre sende William over hit om han vil leike litt med Emma. Kekt det!
Ønskjer dokke god betring!

Big hug!

Lill sa...

Huff trasig med sjuke ungar, håper dei snart er i full svinn att:)) Ynskjer dokke god betring i Starevegen.
ligg noko til deg inne hos meg:))
Smil frå ei med steikjande GOD KOMFYR :o))

Silje sa...

Heia Elisabeth! Offa mej, kjenne dinna der ja, vi har hatt ei slik natt inatt og har ein slik dag idag...Men vi er like sløve både eg og Kristoffer, så vi ligg no her på kvar vår sofa...;) Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min!!