onsdag 10. desember 2008

Litt meir frå oss i nr 6 :)

No er det på tide å skrive nokre linjer att! Eg er dessverre ikkje så flink å oppdatere bloggen min som eg skulle ønske....timane og dagane flyg så altfor fort!!

Det er kveld i Lerkevegen 6. William har sove ei god stund allereie, heilt skutt etter fridagen! Matheo ligg fortsatt og skrik og ropar, er absolutt ikkje med på notane i kveld :) Etter veka med sjukdom har det blitt berre tull i rutinene.....mange timar med roting før søvnen tek han! Stakar lillemann...han er fortsatt ikkje bra. No er han tett i luftvegane og forkjølt....Natt til tysdag hadde han "falsk krupp", ei lite kjekk oppleving!! Klokka 2 på natta fekk han eit "anfall", og eg vart tvungen til å "kaste" han ut verandadøra, i minusgradene, det hjalp ikkje noko særleg synast eg......heldigvis har han inhalator med astmamedisin liggjande, eit par doser av den roa det litt! Etter ein stikkpille og litt gråting, så sovna han til slutt...sleten og utmatta. Mamsen var litt trøtt på jobb dagen etter liksom ;)

Ikkje noko kjekt når desse små skattane er sjuke!

Onsdagane er fridagen vår, då kosar me oss som best me kan! I dag har vi herja i heimen, besøkt oldemor Hanna og baka julemannar. He he, eg har nok sett finare julemannar før, men gode vart dei vertfall!!! Etter første brettet var ferdigsteikt hadde gutane plutseleg ikkje tid til å bake meir....dei vart då nemleg fullt opptatt av å "smake" :) Første brettet forsvann i svoltne magar!
Fekk oppskrifta med Hilde på jobben, ho lovde meg at den kom til å gå "rett heim" hjå dei små...og det fekk ho heilt rett i! Tusen takk Hilde!!! Og Hilde, du er forresten ei knakande herleg dame!! Alltid blid og god ;)


Prøvesmaking....nam nam....kan ej ta en til mamma??? Berre en til??? Berre så det er sagt, William smilar ikkje på kommando :)

Reknar med at vi må ta ei runde til med julemannbaking før jul, trur dette lageret forsvinn raskt!

No har vi, som i dei fleste andre heimar, nedtelling til julafta. Men vi har like mykje nedtelling til 21. desember, då kjem nemleg farmor, farfar og onkel Magnus frå Sverige!!! William spør kvar dag, om ikkje farmor og farfar kjem i dag....Han gler seg alltid stort til svenskane kjem på besøk til oss, då veit han at det ventar mykje oppmerksomheit, leik og moro!! Og ikkje minst pakkar.....Farmor og farfar har gjort det til ein tradisjon å alltid dukke opp med eit utal pakkar....Dei kallar det ein kompensasjon for alt dei ikkje får gitt barnebarna sine, med tanke på at dei bur 105 mil frå oss.....

No er det 9 veker sidan dei var her sist, så det skal bli godt å sjå dei att!!

Set veldig stor pris på svigermor og svigerfar, dei betyr veldig mykje for oss!! Skulle berre ønskje vi fekk vere mykje meir i lag!!


Magnus - snille gode onkelen vår!!

Farmor og William på dåpsdagen hans. Farfar på besøk i Ørsta, sommaren 08.
(korleis får eg snudd biletet????)
No svigermor, no har eg ordna slik at du kan leggje inn kommentarar på bloggen vår!! Så no håpar vi at dokke skriv nokre linjer til oss :) Hoppas ni har det bra, dar långt inni skogen, i det lilla røda huset :) Vi elskar er!!
I morgon skal eg levere ungane i barnehagen, og suse til Moa...er vel på høg tid å byrje på julegåvene! Gler meg til ein heil dag på Moa åleine!!!
God klem til dykk alle saman!!!!!

3 kommentarer:

Ingrid sa...

Ja, ein oppdagar mange nye folk her inne. Kjenner heller ikkje deg frå før, men i blogglandia er det visst ikkje så nøye.. :) Eg er også nybyrjar her, og har heller ikkje forstått korleis eg lagar bloggen litt finare.. Din ser då bra ut! Meir avansert enn min i alle fall...
Klart du kan legge meg til på lista di, legg til deg og eg då, så kikar eg innom :)

Og forresten, julemannane såg kjempegode ut, kanskje eg og skal bake litt ein dag.... :)

AnneGrethe7 sa...

Julemannane såg deilige ut Elisabet...vi baka her tidlegare og ikkje ein smule att...må nok til med fleire porsjonar ja :)

Du snur bilete ved å høgreklikke på bilete, då får du opp ein meny i høgre marg, trykk på;
avansert->bildebehandlinger
->roter.
Reknar med du skriv i windows live writer:) Viss ikkje må du snu bileta dine inne i mappa før du legg dei ut i bloggen. Håpe ej kunne hjelpe og du vart litt klokare ? :) ikkje alltid lett å forklare det med det skrivne ord,

Stakkar vesle Matheo-gullet, ikkje kjekt når dei e sjuke desse gulla våre. Og krupp e trasig...gjekk ute mang ei kald natt med Ida, eller opna frysar-loket og holdt ho ned i. Heldigvis har det ikkje vore så gale med dei tre andre!

Ønskjer dej ei god natt kjære nabo:)nattaklem.

Lill sa...

Mmmmm. julemanna deileg:)) Du står på du:) Ligg noko til deg på bloggen min.
Klem Lill