fredag 12. desember 2008

Eg lengtar............

..................etter å få sove ei heil natt utan avbrot!!!!!!
Etter nesten 2 veker med 3-4 timar søvn kvar natt, så kjenner eg no at eg ligg veldig på minusen.....Ein treng søvn for å ha energi til kvardagen!
No er det storebror som har blitt sjuk....uff....feber og tett i alle kanalar :( William er livredd "nasespray-monsteret", så i natt har han kava fælt......Nok ein dag med fråvær på jobben for min del, og det likar eg svært dårleg!!! Ikkje noko kjekt å vere ny i jobben og ha mykje fråvær! Men no kjem Patrik heim på mandag, så då får han ta eventuelle sjukedagar den neste månaden :) Satsar på ein ny frisk start neste veke!!!
Men sjukdom eller ikkje, no er vi klare for helga! Kva den bringer, det veit eg ikkje, men vi skal nok kose oss :)

Det lyt bli meir blogging seinare, no må minstemann hentast i barnehagen!

Ingen kommentarer: