søndag 14. desember 2008

Så var helga over.....

Så tenner vi tre lys i kveld.



De står og skinner for seg selv


og oss som er tilstede.


Så tenner vi tre lys i kveld


for lengsel, håp og glede.....
I dag har vi også tent lys for ofra og dei etterlatte etter branntragedia i Herøy der fire ungdomar mista livet...
Eg har ikkje ord........alt i livet har ei meining, vert det sagt....men nei, det finst inga meining med dette, dette er berre grusomt!!
I dag har vi eigentleg ikkje gjort stort....Har pleia den gode farmora mi, og hjulpe den superfrustrerte mor mi med å montere diverse møblement i nye-leiligheita hennar....Stakkars mamma, ho er så leeeeeeei heile oppussinga....ho fryktar ho ikkje kjem i mål til jul....Men jaudå, med litt frisk dugnadsånd no dei neste dagane, så skal det meste vere i boks! Forstår at ho er lei....har vore mykje styr, og ting som har gått gale under oppussinga..det har nok gitt ho eit par ekstra grå hår :)
Som ein liten "takk for hjelpa" under oppussinga, så kjøpte mamma desse lyskjeglene til meg. Har hatt lyst på desse lenge, og synast dei pyntar inngangspartiet vårt fint no i denne førjulstida!
Gledde meg til å sjå Wallander i kveld! Men av alle kanalane vi har å velje mellom, så var det sjølvsagt svensk TV4 som skulle ha svart skjerm i kveld! Men det er jo typisk min flaks då :) Så då bloggar eg litt i staden!
I morga kveld kjem husbonden heim, endeleg!!! No saknar vi han, både eg og gutane! Trur nok han saknar oss også, det kan nok forklare dei 10 telefonane vi får frå han, dagleg :)
Eg gler meg til eg har "barnevakt", så eg får byrja på julevasken mellom anna ;)
Minstemann ligg inn i senga og ropar på meg....trur nok han har planar om å sovne under dyna mi.....ein sta liten skatt hen der :)
Så søtt sov han tidlegare på kvelden....lenge det varte..... :)
Ha ein fortsatt fin kveld folkens!!!!

7 kommentarer:

Lill sa...

Hei
Det har vore ei tragisk helg her og rundt om i distriktet. Ein finn ikkje ord når slike ting skjer.

Dei lysande juletrea var kjempeflotte:)) Nyt dagane fram mot jul
Klem frå Lill

Astrid sa...

Off, ja den ulukka var berre heilt forferdeleg! Det er så forsterkande når liv går tapt i slik flammeinferno... Varme tankar til alle som treng det!!!!

Eg har noko til deg på bloggen min:)

Silje sa...

Det ligg noko til deg på bloggen min :)

Astrid sa...

Eg har ei utfordring til deg på bloggen min, du tek den om du har tid og lyst:)

Rita Olene sa...

Heisann Elisabeth!! Kor kjekt at du lika bilda! Ej teke 2000kr for dei avlange 30x90cm....og da pluss/minus utifrå det på dei andre størrelsane. Ca 1-2 mnd leveringstid no sida ej he litt bilder på bestilling:)
Berre å sei frå om du vil ej skal male til dej!:)

Håpe dokke he det bra og he friskna til igjen,såg dokke hadde våre sjuke...
Ha ei god og koselig jul!!
Nattinatt!
Klem Rita Olene!

Ingrid sa...

Kjempetrist det som hende i Herøy.. Brann må være ei av dei verste ulukkene ein kan bli råka av! Mi største frykt...

Det ligg noko til deg på bloggen min.. :)

Marthe sa...

Hei Elisabeth:)
Fann tilfeldivis bloggen din, so ej la dej til ej, håpe det e greit!:)
Ha ei strålandes jul inni Ørsta! Klem