lørdag 13. desember 2008

Ein mektig dag......

Det er kveld og ro i heimen, og eg får endeleg tid til å sette meg ned å skrive nokre ord. Det har vore ein rar dag i dag....ein dag med mange ulike følelsar...på godt og vondt!

Vi låg lenge og vel i senga i dag før vi stod opp, eg og ungane. Berre kosa oss, kikka litt på Barne-tv og småprata. Når vi endeleg kom oss ut av den varme gode senga, så stod vi opp til eit fantastisk fargespel på himmelen!!!! Måtte sjølvsagt ut på verandaen og knipse eit par bileter, noko så vakkert!!!!






Eg tenkte med eitt på Thomas og Tonje som skulle gifte seg i dag! For ein fantastisk flott vinterdag å bli vigd på!!

Tok meg ein tur til kyrkje, måtte berre få med meg når dette vakre paret ga kvarandre sitt JA! Ein nydeleg seremoni, ei strålande vakker brud og ikkje noko mindre vakrare brudgom! Må innrømme det var fuktig i augekrokane under heile seremonien... :)
Ønskjer dokke all lukke for framtida, Thomas og Tonje!!

Thomas er eldste bror til mi beste venninde Silje. Ei dame eg set utruleg høgt, og er umåteleg glad i!


Her er Silje og forloveden hennar. Verdens beste Johan!!


Silje og Hege, ei anna god venninde av meg :)


Ut på dagen i dag fekk vi ein trist beskjed.....Ein i familien vår opplevde dessverre i dag det verste eit menneske kan oppleve, det å miste ein av sine kjæraste. Han mista pappaen sin i ei tragisk ulukke....Alle våre tankar går til han og hans familie, og sjølvsagt også til søskjena hans og familia elles. Vi er med dokke i sorga....Håpar dokke no finn styrkje til å takle tida som ventar dokke...Ta godt vare på kvarandre!

Det er så trist, og så og så ufatteleg meiningslaust når sånt skjer....våre tankar går til dei som no sit att...


Midt i innlegget mitt vart eg oppringt av vaktsentralen i Ålesund. Farmora mi hadde trykt på tryggleiksalarmen, så vi måtte ned og sjekke ho.(Når ho trykkjer på alarmen, kontaktar sentralen nærmaste pårørande). Der låg ho på gulvet...hadde falt...stakkars farmora mi, var i elendig form....Tok oss ein tur på legevakta.

Vi får sjå kva dagen i morga bringer...håpar ho er i betre form!

Er så inderleg glad i farmora mi!! Ho er 85 år, og er merkbart blitt eldre og svakare siste åra....men håpar eg får ha ho i livet mitt i mange mange år til!!


Farmor sommaren -08.


Farmor og vesle Matheo
No skal eg putle meg inn i senga...er vel ikkje mange timar til eg har to prinsar inne hos meg...ein på kvar side :)
Ønskjer dokke alle ei fredfull natt og ei fortsatt fin førjulstid!!!!

1 kommentar:

AnneGrethe7 sa...

Fint innlegg Elisabeth:) nydelege himmelbilete du har teke. Stili det av Hanna med parykken....ei flott farmor.
Vore ei trist helg for mange dette, både på Vartdal og ikkje minst ut i Herøy. Ufatteleg meiningslaust begge deler. Minner meg meir og meir alt som skjer rundt oss kor viktig det er å ta vare på dagane, kvarandre og late bagatellar fare.......
Tenkte på det også då eg las om ho dama i Bodø som berre skulle ut på trappa for å ta ein røyk.....med eitt er kvardagen for ektefelle og to små ungar så brutalt forandra.

Ønskjer deg ein fin onsdag :)
klem