No sit eg i sofaen, omringa av stearinlys (avhengig) og ventar på at min kjære skal kome heim! Desse siste 14 dagane har som vanleg gått frykteleg fort, men det vert godt å få han heim no! Ikkje minst gler eg meg til eg får anledning å gå meg kveldsturar...det har eg ikkje hatt anledning til på ei stund no....Har stort sett vore åleine med gutane siste månaden, sett bort frå 4 dagar.....Vanlegvis er Patrik heime 3-4 veker, men denne gongen tok han på seg ein ekstratur. No vert han heime 12 dagar før neste utreise, og desse 12 dagane skal vi bruke godt!!! Bortsett frå litt finpussing på kjøkenet og nytt tak på badet (det skulle vore oppe for 14 månadar sidan), så skal han få "fri" frå sånne prosjekt :)
Når Patrik er "ute" startar arbeidsdagen hans kl 07, og sluttar vanlegvis ikkje før kl 23, 7 dagar i veka...så han er forståeleg nok ganske trøytt når han kjem heim, treng nokre dagar å kvile seg ut på....Men eg let han ikkje gløyme at det faktisk er ein 24-timars jobb å gå her heime åleine også! Eg er heldig som ikkje jobbar meir enn 70 %, men det er jo ikkje akkurat avslapping som ventar ein når ein kjem heim frå arbeid....Då er det to små som skal underhaldast, eller berre haldast :) Etterfulgt av middagslaging, rydding, vasking, klesvask, kveldsmat, kveldsbad og stell, og så natta....Ellers er eg også ekspert på å skaffe meg sjølv ekstraarbeid! Eit eller anna må til stadigheit ommøblerast og flyttast rundt på, skap må ryddast og sorterast...ja, sånn er eg :) Men eg hadde ikkje villa bytta vekk kvardagen min for alt i verda!!!!! Og det er godt å tenkje på synast eg....
I går var det 10. februar......på dagen 2 år sidan min kjære og gode pappa vart reven vekk frå oss. 10 februar 2007...eg hugsar det som det var i går!
Kvelden var komen, og vi hadde ikkje høyrt frå pappa sidan tidleg morgon....ikkje tok han tlf når vi ringde heller....Vi kjende på oss at eitt eller anna ikkje var som det skulle...Snakka litt fram og tilbake, og vart einige i å stikke nedom han ein tur...berre sjekke at han var ok. Patrik og mamma tok turen ned....og eg er frykteleg takksam den dag i dag at eg valde å bli heime....noko inni meg sa at eg ikkje burde vere den som tok turen ned. Det var dessverre gått som vi hadde frykta lenge.... livet var ikkje til å redde, og pappa vart erklært død kl 21 den kvelden, 51 år.....Gode, gode pappaen vår, om du berre visste kor mykje vi saknar deg!

2 år går fort.....så altfor fort! Desse 2 siste åra har gitt meg mange tankar... gjort meg meir reflektert, både over kven eg er og kva "misjon" eg eigentleg har her på jorda...Eg har lært meg å nyte dei "små augeblikka" alle snakkar om, og tek ikkje lenger ting, tid og menneskjer for gitt..
Det er mykje hard lærdom langs livets landeveg! Mykje av det styrkjer oss som menneskje......
No skal eg avslutte, og sjå om eg får fiksa noko mat til min kjære. Ein ny fridag ventar meg i morgon:) Carpe Diem!
Ha ein fortsatt fin kveld alle saman!!!! Klem