lørdag 14. mars 2009

Det er hærleg å leve på sånna dagar!!


For ein fantastisk flott dag vi har hatt i dag!! Sola har stråla frå skyfri himmel, og eg har faktisk brent meg litt i andletet...småkokar litt i kinna, men fargen er kledeleg :)

Vi har vore utandørs sidan vi gjor oss ferdig med frukosten, og det har gjort sååå godt! Vi har leika med rampen i gata, og grilla i skauen. Nokre hundre meter frå huset vårt, eit lite stykke opp i skogen, ligg ein vakker liten plass. Lokale heltar har sikkert eit navn på denne plassen, men det har ikkje kome meg for øyre enno. Vi kallar det berre Storebakken :) Her har vi leika oss med det som naturen måtte by på, og verkeleg kosa oss! Middagen tok vi i skogen, grillpølser med brød, nam nam :) 18.30 luska vi oss innatt, fornøgde og mette på frisk luft for denne dagen :)

Ein heil dag utandørs set mange spor på to små karar, så ein tur i badekaret var absolutt å forlange :) Etter kvelds var det ein liten pit-stop i sakkosekken for lørdagsnammis og Cartoon Network.......så var dagen over for desse to små...Og eg skal love dokke at det ikkje tok mange sekunda frå hovuda landa på puta til skattane sov, totalt utslitne etter ein innhaldsrik og kjempeflott dag..Eg let bileta tale for seg :)

Sandkassa blir flittig brukt. Det har blitt reist mange byggverk i denne bingen :)

Påfyll av væske, Solbærsaft, -søt og god :)

Det var ikkje akkurat lett å kome fram med vogn...men trur Jonas syntes det var behageleg med ulendt terreng, han sovna halvvegs på skogsstien :)

Det er også anledning til å rote litt med vatn på denne vakre plassen!

Ikkje akkurat fotogen....men, la gå!!

To av mine uerstattelege, søs og Emil-gull :)

Sjå mamma, sjå kor høgt eg har klatra!! Klatrebamsen vår :)

William strålar om kapp med sola!!!

Nybada og skjønne, med sukker i skåla :)

Då håpar vi at morgondagen vert av samme slaget! Eg skal snart krype til køys...sjå ein film i senga kanskje....

Vil berre til slutt helse så masse til farmor og farfar i Sverige, veit dokke er innom her og kikar :) Vi gler oss såååå mykje til dokke kjem i mai!!! Elskar dokke!!!

Også vil vi sjølvsagt helse til pappa ut på det store blå! Vi saknar deg, og elskar deg.... ;)

Nattinatt frå oss i nr 6.........

7 kommentarer:

Astrid sa...

Herleg!
Det ser ut som dokke har storkosa dokke i helga, så kjekt å vere i lag små og store:)
Litt av ein idyllisk plass den "Storebakken"!
Så fint, så skjørt, slik lukke...

Eg vert skremd over kor små marginar vi har å forhalde oss til her i livet... Reknar med at du kjenner på det same desse dagane...

Gode ynskjer til deg og dine om ei fin veke, trass alt.

Astrid sa...

Har ei utmerking til deg på bloggen min:)

Silje sa...

Det ligg noko til deg på bloggen min! Fortsatt triveleg helg :)

Rita Olene sa...

Kor fine bilder!! So deilig no når sola bjønde å vise sej og varme litt! Men ser ut so det blir lite sol i påska,men optimista so me e ,so tenke me at "d kan snu"!! hehe:)
Masse god påske til dej og dine!!!

Ps, softstyleren kan du bruke til å få volum....og ken veit, med rett stylingprodukt so kan no det hende du fe fram litt fall også:) Ekje umulig det skjønna du...om håret e aldri so glatt! :)
Kanskje du fe dej en overraskelse..:)

AnneGrethe7 sa...

Hallo gode nabo :)

Ja, godt Ida er på bedringens veg, men stakkars jenta...heile ferien i vasken;(

Håper at du hadde d kjekt i går...deilig med litt luft under vingane:)

Deilig med vår og at me på ny vaknar til liv i gata vår..

Klem

Astrid sa...

Ikkje berre eg som har hatt lang bloggtørke ser eg...
Håpar at alt er bra med dokke, og at du snart er tilbake med nye innlegg :)!

Camilla sa...

hei elisabeth! ej e ofte inne på den flotte bloggen din for å sjå om det e nåken oppdateringa frå dåkke. håpe å høre frå dej snart og at alt e strålande i ørsta! stor klem, camilla.